Sikra plassen med enkel siger
Handballherrene til Os hadde små problem med å slå Kjøkkelvik 2 heime søndag. Etter kvarteret leia dei med 10 mål.
I flunkande nytt lys i Oshallen skinte handballherrene då dei tok i mot Kjøkkelvik til kamp søndag ettermiddag.
Os var avhengig av å plukke poeng for å sikra seg fortsatt spel i 3. divisjon. Det hadde dei små problem med å klare.
Etter 14.30 spelt i førsteomgang leia Os heile 13-3! Os heldt på leiinga ut omgangen og kunne gå til kvilen med komfortable 18-8 anført av ein svært god Hans Brunvatne (42 i går) i mål.
Os - Kjøkkelvik 2 29-20 (18-8)
Utv: Os 5 x 2 min, ett raudt kort. Kjøkkelvik 2 x 2 min
Einar Godø, Hans Brunvatne, Nils Hamre 1, Isak Røen 2, Jørgen Wold 3, Joakim Blostrupmoen 2, Trygve Lerch Dahl, Ove Lyssand 5, Mats Brunvatne, Peder Lyssand 3, Håvard Bjørnør, Arne Veim Haugland 11.
Andre omgangen blir ikkje den store underhaldinga. Os har god kontroll og Kjøkkelvik er ikkje interessert i å by opp til festhandball.
– Vi gjer det vi skal og har grei kontroll. I dag handla det om to poeng, meir enn å by på ein god handballkamp.
– Likevel tykkjer eg vi starter bra i 1. omgangen og viser mykje av det som bur i dette laget, oppsummerer Ostrenar Kenneth Husebø som meiner dei har møtt dårlegare lag, og tapt, enn det dei møtte søndag.
Blei provosert heile kampen
Ein ting irriterte Ostrenaren etter kampen. Dommarane si handtering av ei kontinuerleg provokasjon mot heimvendte Arne Veim Haugland.
– Arne blir bevisst provosert gjennom heile kampen. Det går på kommentarar, etterslengar og til og med spark når han ligg nede.
– Eg tykkjer det er svakt av kampleiarane å ikkje reagere på dette. At han så skal få raudt kort i det 59. minutt fordi han kjem med eit utbrudd, som ikkje er retta mot dommaren eingong, er heilt feil.
– Dei dømer Arne på gamal historikk, men no må dei skjønne at folk blir vaksne og endrar seg, seier ein oppgitt Husebø.