Sikra opprykk tre rundar før slutt
Dei starta sesongen med uavgjort og tap - så vann Søfteland 13 på rad og er no klar for 5. divisjon.
Etter å ha kjempa i toppen av 6. divisjon i fleire år på rad er Søfteland no, tre rundar før serien er over, sikra opprykk til 5. divisjon.
Det er klart etter at Søfteland vann heime, på lånt bane på Kuventræ, toppkamp mot Fri på månda, og Loddefjord 2 på 2. plass i går tapte 3-2 for Kalandseid.
– Kampen måndag var prega av at Fri tydelegvis hadde respekt for oss. Dei la seg lågt og prøvde å øydelegga spelet vårt, og det klarte dei delvis å lykkast med, fortel trenar Rayond Pedersen.
Toppskårar Ramo Racic gav Søfteland leiinga 1,5 minutt ut i kampen, men Fri utlikna midt i 2. omgang. Ein straffe cirka ti minutt før slutt gjorde at Dani Bergstø blei matchvinnar, kampen enda 2-1.
Brei stall og god defensiv struktur
Fleire spelarar med fartstid i 3. divisjon trappa i vinter ned og gjekk inn og styrka 6. divisjonsklubbane Søfteland og Nore Neset.
– Det har vore avgjerande for oss at vi denne sesongen har hatt ein breiare stall.
– Vi har òg fått ein veldig god defensiv struktur, understreker Pedersen.
Søfteland har berre sleppt inn 15 mål på 15 kampar.
No står tre kampar igjen, blant anna mot naboklubben Kalandseid.
Nore Neset leiar si 6. divisjonsavdeling med 9 poeng og god målforskjell på 2. plassen når tre rundar står igjen, men NHH 3 med to hengekampar kan, i teorien, ta igjen norenesingane i innspurten.
Nore Neset speler heime mot NHH3 fredag kveld.