Siger og tap
Handballdamene til Os tok med seg to poeng heim etter dobbeltkamp i Sogn- og Fjordane. - Tapet mot Jotun var bittert, men desto betre var det å slå Førde, seier Erlend Lyssand.
Os Turn sine handballdamer reiste i helga for å spele to vanskelege bortekampar mot serieleier Jotun og tabellsjuar Førde. Før oppgjeret mot Os var Jotun ubesigra i 2. divisjon.
- Vi kjem dårleg igang mot Jotun og gjer mykje feil i 1. omgangen.
- Jotun leiar 12-7, men i ei periode slår vi dei 7-0 og går opp i 14-12.
- Då bør vi avgjera i vår favør, men vi blei for ivrige framover på banen og inviterar Jotun innatt i kampen, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.
Måtte sjanse
Jotun kjem tilbake og avgjer i realiteten kampen med fem minutt att.
- Då må vi ta sjanser, men lykkast ikkje og må sjå oss slått med fire mål.
Kampen enda 25-21 til Jotun.
- Det er eit bittert tap. Eg meiner vi burde ha klart å slå Jotun.
Vibeke Ingebrigtsen blei av ein lokal jury kåra til Os sin beste spelar.
- Eg vil trekke fram Emilie Hjertnes og Marte Øvreeide også. Dei spelar fantastisk saman i midtforsvaret og er ikkje lette å overliste, skryt Lyssand.
Spillesugne og revansjelystne
Sundag sto Førde på motsatt banehalvleik.
- Eg var spent på om jentene hadde klart å riste av seg tapet mot Jotun.
- Det hadde dei verkeleg og var så spillesugne når vi entra Førdehuset at det var ein draum å stå på sidelinja.
- Jentene løp og løp og løp. Førdedamene hadde ikkje sjans til å henga med på tempoet damene satte opp, fortel trenaren.
Madde med comeback
16-7 leia Os til pause og hadde i realiteten avgjort kampen. Andre omgangen blei brukt til å gjere mange endringar i angrep
- I desse to kampane gjorde Madeleine Hjertnes comeback etter skade. Ein kunne ikkje sjå at ho har vore ute i fleire månader.
- Ei anna som gjorde sine sakar bra i dag var Maria Stangeland Lunde. Ho spelte ein fantastisk bra kamp både på back og som ving, skryt Lyssand.
Resten av sesongen må Erlend Lyssand klara seg utan helgas toppskårar Line Hjelle Berentsen.
- Line har hatt ein veldig god sesong, men skal no ut og reise jorda rundt, så vi må klara oss utan henne i dei siste kampane, avsluttar Lyssand.
Neste kamp for Osdamene er når dei tek imot Åsane i Oshallen 26. januar.