Siger i overtal
Lysekloster vann 1-0 over Randaberg laurdag, men trenar Thomas Sandal er likevel ikkje heilt nøgd.
Lysekloster gjekk sterkt ut då Randaberg vitja dei, og det førte til scoring tidleg i første omgang.
Martin Eidsvik tok corner og Kim Kleivedalen heada inn 1-0 scoringa.
Det blei det einaste målet i kampen der Lysekloster hadde føringa. Randaberg fekk ein spelar utvist etter 30 minutt, men Lysekloster klarte likevel ikkje få fleire mål.
- Eg er nøgd med at vi fekk tre poeng, men eg er ikkje nøgd med gjennomføringa, seier spelande trenar Thomas Sandal.
- Det blei ein spesiell kamp då Randaberg fekk ein mann utvist og la seg bakpå.
Sandal tykkjer Lysekloster burde pressa meir på for å auka leiinga.
- Det blei ein "safe"-kamp.