Sport | 10. feb. 2015

Siger etter store endringar

Lysekloster slo Gneist 3-1 i årets første treningskamp. 9 av spelarane var nye, tilbake frå skade eller i nye posisjonar.

Siger etter store endringar
Alexander Dang putta det andre målet for Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 10. feb. 2015 10:04

Bildeserie:

Aleksander Andersen på midtbanen (foto: Andris Hamre)
Aleksander Andersen på midtbanen (foto: Andris Hamre)
Saman med Johannes Jordal (foto: Andris Hamre)
Saman med Johannes Jordal (foto: Andris Hamre)
Knut Eriksen Eide er ny i midtforsvaret til Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Knut Eriksen Eide er ny i midtforsvaret til Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Trenarteamet med Tore Nielsen og Ørjan Sandal er nøgd med mykje i den første treningskampen (foto: Andris Hamre)
Trenarteamet med Tore Nielsen og Ørjan Sandal er nøgd med mykje i den første treningskampen (foto: Andris Hamre)
1 av 4

Måndag kveld spelte Lysekloster årets første treningskamp mot 4. divisjonslaget Gneist og vant komfortabelt 3-1.

– Det var ein grei kamp.

– Vi startar bra dei første 8-10 minutta før vi fell i innsats og intensitet, fortel trenar Ørjan Sandal.

God 2. omgang

I pausen nyttar Sandal og trenarmakker Tore Nielsen høve til å fortelle spelarane kva dei forventar av dei.

– I andre omgangen er vi betre og spelar ein god omgang.

– Då får vi skrudd opp tempoet og skaper mykje.

Godt å koma i gang

Lysekloster-trenaren legg ikkje så mykje i resultatet.

– No handlar det mest om å komma i gang.

– VI har mange nye spelarar og spelarar som er på veg tilbake etter skade, så det handlar om å få spelt oss saman.

– I dag var det fire nye, to som var tilbake frå skade og tre som spelte på nye posisjonar.

– I tillegg hadde vi sju mann ute med influensaen som slo innover oss i helga.

– Eg er nøgd med kampen. Guttane responderte bra på det vi i trenarteamet ønska, oppsummerer Sandal.

Uvant underlag

Lysekloster trener stort sett inne i Vestlandshallen og det var nok eit noko uvant underlag i tåkeregnet på Edne måndag kveld.

– Det prega nok spelet litt, avsluttar Sandal.

Målscorarar for Lysekloster var Sindre Flaa, Alexander Dang og Johannes Jordal.

Desse spelte for Lysekloster (4-3-3): Chris Sunde Midttun, Baste Jonassen, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen, Daniel Kalstad, Aleksander Andersen, Johannes Jordal, Sindre Flaa, Thomas Helland, Alexander Dang, Lars Henrik Skage.

Øystein Takle Eide, Tommy Gaustad og Jan Even Frøyseth kom inn for Andersen, Helland og Skage i 2. omgangen.

Neste treningskamp er allereie førstkommande torsdag heime mot Lyngbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.