Showdronning til Os
Ei av nordens største showdronningar Lill Lindfors kjem til Oseana i november.
Lill Lindfors har ei omlag 45 år lang artistkarriere bak seg når ho 13. november entrar scena i Oseana kunst- og kultursenter.
Kjende hitar som "Du är den ende" og "Musik skall byggas utav glädje" har gjort den 73 år gamle songaren, komikaren og skodespelaren til ein av dei største artistane i Norden.
– Vi gler oss til å få denne folkekjære artisten til Oseana, og trur ho vil treffe godt hjå Ospublikumet, seier sals- og markedsansvarleg Astrid Heggland.
Legendarisk kjole-stunt
Den finlandssvenske artisten starta karriera på 60-talet med fleire revyer, filmer og musikalar, mellomanna West Side Story med mellomanna Eva Rydberg og Torsten Wahlund.
Gjennom 70-, 80- og 90-talet gjorde ho ei rekkje revyar og TV-show kor ho befesta sin posisjon som ein av Nordens største showdronningar.
I 1985 blei Lindfors nær legendarisk då ho, som programleiar av den europeiske finalen i Melodi Grand Prix, kjørte eit kjolestunt på direkten kor ho lot som om ho tråkka på den fotside kolen og mista den.
Lindfors har ein særpregen sambasound i låtane sine og har samarbeidd med den norske komponisten Ketil Bjørnstad dei siste 30 åra.
Konserten er éin av tre konsertar Lindfors har planlagt i Noreg denne hausten.