Kultur | 06. feb. 2014

Sheen takka ja til Øvredal

Filmstjerna Martin Sheen har takka ja til hovudrolla i regissør André Øvredal frå Os sin neste film.

Sheen takka ja til Øvredal
Martin Sheen, her frå TV-serien Presidenten, speler i osingen Øvredal sin neste film, The Autopsy of Jane Doe. (Pressefoto: Warner Bros)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. feb. 2014 16:32

André Øvredal, til no mest kjent for Trolljegeren og den engelske versjonen, Troll Hunter, er hyra inn til å regissera The Autopsy of Jane Doe, ein psykologisk thriller som skal spelast inn i London.

No er det klart at Martin Sheen har takka ja til hovudrolla, melder blant andre Screen Daily.

– Sheen hamna tidleg på ønskelista vår og vi har venta på dette sidan seinsommaren, seier André Øvredal til Midtsiden.

– Timinga var også perfekt, no kan produsentane ha namnet hans med seg til Berlin, der det parallelt med filmfestival er film-marknad. Når filmen skal seljast til store delar av verda er dette med på å få opp merksemda rundt prosjektet.

Festivalen Berlinale og European Film Market startar i dag.

Eit motstykke til Trolljegeren

Det var i fjor sommar at Øvredal fekk jobben med å regissera filmen.

– Det er ingen link mellom denne og Trolljegeren, den er nærmast eit motstykke i type oppdrag. The Autopsy of Jane Doe er ein psykologisk thriller, veldig kontrollert og manipulerande, medan Trolljegeren var meir rufsete.

Men Øvredal la fram sine tankar om manuset, om korleis han ville løysa det. Produsentane, eit amerikansk og to britiske selskap, likte tankane til osingen.

The Autopsy of Jane Doe skal filmast i London over 5-6 veker frå starten på juni.

– Handlinga foregår mykje på eit obduksjonsrom, der liket til ei jente fører til mange spørsmål.

– Politiet forstår ikkje kvifor ho er død, og dess grundigare liket blir undersøkt dess sprøare blir det.

– Passar perfekt til rolla

No gler André seg veldig over at Sheen takka ja.

– Martin Sheen er ikkje berre eit stort namn, han er veldig autoritær som skodespelar og fantastisk karismatisk.

– I tillegg er skodespelarar av hans kaliber ofte eit vilkår for at filmar faktisk blir produsert. Eg har jobba med store prosjekt før, som førebels ikkje har blitt noko av.

– Eg sat i 1,5 år med Warner Bros og venta på skodespelar vi ville ha med, men som på denne tida ikkje tok seg tid til å lesa manus eller gje svar.

Det siste halve året, medan han har venta på Martin Sheen, har han jobba på fleire andre filmar han er engasjert i.

– Det er science fiction og monster, utanlandske og norske. Men det er førebels for tidleg å seia noko om desse.

– Kva tenker du om at du snart skal jobba saman med ei filmstjerne som Martin Sheen?

– Akkurat no er eg berre glad. Men det kan godt henda at det blir litt spennande når det nærmar seg. Uansett er dette viktig for filmen og for produksjonen, med Sheen på laget veit du at du har ein som leverer.

Martin Sheen (73) heiter eigentleg Ramón Gerard Antonio Estévez, og er far til Charlie Sheen, kjent frå Two and a half men, og har tre andre skodespelar-sonar, blant dei Emilio Estévez.

Martin er kjent frå filmar som Apokalypse Nå! Wall Street, The Departed og TV-serien Presidenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.