Sette opp «watergate» ved barnehage
Tett rist sendte store vassmengder mot transformator i Hegglandsdalsvegen.
Etter store nedbørsmengder gjennom heile søndagen, måtte både brannvesen og teknisk vakt i 22-tida ut på oppdrag i Os.
Teknisk eining lagde midlertidig grøft i Langedalen ved kryss mot Jessadalen, etter at ein bekk blei for stor til å ta seg under vegen, og i staden rann i retning ein trafikiosk.
Samtidig var brannvesenet i Myrvollen, der vassmengdene truga ein bustad som tidlegare har hatt inntrenging av vatn.
OPPDATERT: Ole Bulls veg var stengt søndag, men er i dag opna igjen.
Sette opp sperre ved barnehage
I 23-tida rykte brannvesenet ut til Hegglandsdalsvegen nedanfor Hjelle.
– Det var ikkje fare for vassinntrenging i barnehagen, men ein transformator som står ved barnehagen, seier varabrannsjef Erik Walden.
Brannvesenet har vore på tilsvarande oppdrag fleire gongar før.
– Det er ei rist lengre oppe, der vatn som kjem ned frå Borgafjellet og Hjelle blir leia under under vegen og bort til Vallaelva. Denne har truleg blitt tetta igjen.
Brannvesenet sette opp ei sperre kalla «watergate», dermed blei det ingen skandale.