Sette ny rekord rundt Ulvenvatnet
Ny deltakerrekord og ny løyperekord: Christina Forstrønen Bruarøy og Klas Færøvik vann Ulvenvatnet Rundt.
Os Turn Friidrett inviterte laurdag ettermiddag til Ulvenvatnet Rundt for andre gong.
• Sjå resultat og bildeserie frå Ulvenvatnet Rundt 2017
– Vi har ikkje promotert løpet så veldig mykje, for vi føler framleis at vi treng litt meir trening i å arrangere løp.
– Men til neste år vil vi koma til å gjera meir ut av det, for no byrjar vi å føle oss meir klare, fortalde Åge Gulbrandsøy i samband med løpet.
Ny deltakerrekord
Sjølv om dei ikkje hadde marknadsført løpet så mykje så blei det likevel ny deltakarrekord.
– Totalt på alle dei tre distansane var det 61 deltakarar. På den lange løypa som går rundt Ulvenvatnet hadde vi 32 som fullførte mot 14 i fjor, så det er vi godt nøgd med. Det var akkurat passe i dag.
Og at dei hadde lagt ei god løype og eit fint løp tyda tilbakemeldingane på.
– Det var ei skikkeleg artig løype, kommenterte fleire av deltakarane etter at dei kom i mål.
Christina sette ny løyperekord
Ei som deltok både i fjor og i år var Christina Forstrønen Bruarøy frå Opptur Motbakkeklubb.
I fjor vann ho på 30.02 og også i år viste ungjenta at ho hadde skumle planar. Ho gjekk ut i eit forrykande tempo og heldt god fart hele den 6,7 kilometer lange løypa, og vann med tida 29.20.3, som er ny løyperekord i kvinneklassen.
Tida var den sjette raskaste uansett klasse.
– Det var ei mykje blautare løype i år enn i fjor. Eg heldt faktisk på å miste den eine skoen uti der, fortalde ho etter løpet.
Klas var raskast av alle
Herreklassen blei vunnen av Klas Færøvik, også han frå Opptur Motbakkeklubb, med tida 27.03.3.
Han låg lenge og kniva mot Vegard Bjune, som kom i mål 14 sekund bak Færøvik. Bjune fekk 2. plass også i fjor.
– Vi hadde ein fin fight. Eg tok han i den siste bakken her borte, fortalde Færøvik etter målgang.