Sette norsk rekord i Arizona
Slo 20 år gamal rekord: Blant 2700 sterke deltakarar hamna Gudmund Snilstveit på 18. plass i Ironman Arizona.
Fusingen Gudmund Snilstveit frå Bergen Triathlon Club satsa på å koma under 8.40 då han søndag deltok på Ironman Arizona i USA.
Det klarte han med 1 minutt og 21 sekund, Gudmund sette ny norsk rekord med tida 8.38,39 og tok med det ein imponerande 18. plass blant rundt 2700 deltakarar.
Symjing: 3,8 km på 58.25
Konkurransen starta klokka 06.50 lokal tid, klokken 14.50 norsk tid. Symjinga gjekk i Tempe Town Lake, cirka 400 meter over havskorpa.
Tida på 3,8 kilometer symjing blei 58 minutt og 25 sekund, noko som var 3.30 bak planlagt skjema.
– Ein forkjølelse som ikkje hadde sleppt skikkeleg taket prega dagen, fortel fetter og treningskamerat Gitle Snilstveit.
Sykling: 180 km på 04.32,33
Etter byte til sykkel gjekk det betre og Gudmund avanserte i feltet. Gudmund hade GPS på seg og Gitle følgte med på fart, plassering og avstand.
Tida på den 180 kilmeter lange sykkeletappen, som blant anna gjekk gjennom delar av Sondoran-ørkenen, blei 4 timar, 32 minutt og 33 sekund. Det tilsvarar ein snittfart på 39,65km/t.
Løping: 42,2 km på 03.03,02
På løpinga, 42,2 kilometer (maraton) heldt Gudmund ein høg, jamn fart og gjekk i mål på 3 timar, 3 minutt og 2 sekund.
– Lettelsen og gleden var stor då speaker annonserte at «the factory worker who comes all the way from Norway» kom i mål til norsk rekord.
Høgt nivå
Startfeltet blant proffene var veldig sterkt i Arizona. Lance Armstrong stilte nyleg opp på triatlon og blei slått på sykkeldelen av fleire av konkurrentane Gudmund kjempa mot.
Ser vi vekk frå VM skal startfeltet ha vore det sterkaste på ironman i 2011.
– Vi vil retta ein stor takk til sponsorane Trek/Boa syklar, Drevelin sko/løpetøy, Osbadet og Bergen Triathlon Club, seier Gitle Snilstvedt.