Politi | 02. juli 2024

Sette fyr på prideflagg

To gutar er observerte i samband med hendinga.

Sette fyr på prideflagg
Brannvesenet rykte ut til Os ungdomsskule i går. Ingen av personane på arkivbildet er knytt til saka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. juli 2024 09:19

Måndag klokka 15.20 rykte brannvesenet ut til Os ungdomsskule.

Det hadde kome melding om brann i eit flagg.

– Det var eit «prideflagg» som hang over hovudinngangen på skulen som brann, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var òg svimerke på døra på skulen.

– To gutar blei observerte i samband med brannen. Saka blir følgd opp.

Måndag morgon fekk politiet melding om hærverk i Fjellheim.

Der var det òg tent bål inne i det nedlagte kulturhuset.

Etter lunsj fekk politiet melding om ein båtførar som hadde problem.

Båten fekk hjelp utanfor moloane i Os hamn. (Foto: tips@midtsiden.no)
Båten fekk hjelp utanfor moloane i Os hamn. (Foto: tips@midtsiden.no)

– Båten hadde køyrd frå Vedholmen Landhandel klokka 12.10. Kort tid seinare ringte det ein person på vegner av dei om bord, som hadde fortalt om motorhavari.

Meldar tok vidare kontakt med Redningsselskapet.

Klokka 15.15 i går mottok Midtsiden tips og bilde av båt på slep utanfor Os hamn. Det er ikkje stadfesta at det er same båt, men kjem tydeleg fram av bildet av Redningsselskapet yter hjelp.

I 18-tida var det politiet som måtte køyra i front. Ikkje med båt, men på trafikkert veg.

– Det var i samband med ekstra brei transport frå Industrivegen til Os kai. Transporten gjekk fint, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.