Sette banerekord i Vikingskipet
Sverre Lunde Pedersen viste «kalasform» på heimebane.
Om tre veker startar verdscupen, i år med dei to første rundane i Japan.
• Les òg: Mot nye høgdepunkt med Sverre (kalender for komande sesong)
I helga har han gjennomført siste trening i Vikingskipet, med internasjonal motstand. Sverre gjekk 3000 meter i siste par, mot Bart Swings, og klinte til med ny banerekord.
Sverre gjekk inn på tida 3.42,27 og var suveren vinnar framfor Bart Swings på 3.49.12 og Håvard Bøkko på 3.49.84.
3.42,27 er ny banerekord i Vikingskipet.
Førre banerekord var på 3.44,11 og blei sett av den same Sverre i januar 2015.
Andre banerekordar i Hamar Olympiahall - Vikingskipet:
500 meter: Jeremy Wotherspoon, 34,31 (2008)
1500 meter: Shani Davis, 1.44,27 (2009)
5000 meter: Sven Kramer, 6.09,74 (2009)
10.000 meter: Sven Kramer 12.50,96 (2009)
Kjelde: Vikingskipet.com
«Sprintparet» Håvard Holmefjord Lorentzen og Hege Bøkko vann både 500 meter og 1000 meter. Lorentzen klokka inn på 35.44 på 500 meter og råsterke 1.09.41 på 1000 meter. Hege var i ein klasse for seg sjølv då ho vann 1000 meter på 1.17.74. På 500 meter vann ho med tida 39.46.