Sett i arresten
Ein mann tok seg inn i eit hus i Varåsen første nyttårsdag. Han sit framleis i arresten.
I 8.30-tida første nyttårsdag tok ein framand mann seg inn i eit husvære i Varåsen.
– Han var rusa og hadde tatt seg inn i huset og byrja å forsyna seg av eigedelane til dei som budde der.
– Då politiet kom til staden oppgav han først feile personalia til patruljen, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
Sit i arresten
Mannen, som er ein kjenning av politiet, blei tatt med og sett i arresten.
– Karen er ein fyr kollegaene våre i Bergen sentrum kjenner frå før.
– Han opererer vanlegvis i bergensområdet og har saker på seg derifrå.
– Bergen anmoda om at han blei sitjande i arresten medan det blir vurdert varetekt, avslutter Fimreite.