Lokal | 19. mars 2014

Set mjuke trafikantar i fokus

Planarkitektane vil gjera Giskavollen om til gatetun og laga torgløysing framfor kyrkja.

Set mjuke trafikantar i fokus
Gatetun med brostein og mjuke skille mellom fotgjengarar og bilistar kan bli løysinga (ill: A/Stab)
Andris Hamreonsdag 19. mars 2014 13:18

Bildeserie:

Slik ser plankonsulentane for seg løysinga i Giskavollen (ill: A/Stab)
Slik ser plankonsulentane for seg løysinga i Giskavollen (ill: A/Stab)
Løysinga «Shared space» er meir brukt i Europa enn i Noreg. Her frå Widemarsh Street i Hereford (foto: saferbrain.eu)
Løysinga «Shared space» er meir brukt i Europa enn i Noreg. Her frå Widemarsh Street i Hereford (foto: saferbrain.eu)
Exhibition Road i London før omgjeringa (foto: knowledge.allianz.com)
Exhibition Road i London før omgjeringa (foto: knowledge.allianz.com)
Exhibition Road etter omlegginga (foto: Olivia Woodhouse, knowledge.allianz.com)
Exhibition Road etter omlegginga (foto: Olivia Woodhouse, knowledge.allianz.com)
1 av 4

Då plan- og bygningsutvalet handsaman områdereguleringa for Landboden, inkludert Giskavollen på sitt møte 23. januar ba dei mellomanna plankonsulentane sjå nærare på dei trafikale løysingane i Giskavollen før planen kunne leggjast ut på offentleg ettersyn. Mellomanna blei både tunell og kulvert lansert frå politikarane.

I møtet fortalde Arne Bjerk frå B+B Arkitektar at det ikkje var plass til både fortau og veg mellom kyrkjegarden og minneparken.

Styrar straumane

No har plankonsulentane funne løysinga: «Shared space». Eit mykje nytta grep rundt om i Europa, men førebels er det relativt få prosjekt i Noreg som har nyttar dette tankesettet. For Kong Oscarsgate i Bergen har ein laga eit forprosjekt med utgangspunkt i prinsippa om «Shared space».

Poenget med «Shared space» er at funksjonar og brukargruppar kan vera heilt blanda utan restriksjonar eller at ein kan styra fotgjengarstraumen til utpeika stader eller biltrafikken til delar av områder, ein kan styra biltrafikken ved bruk av pullertar, blomsterkassar eller anna møblering, ein kan framheva naturlege ganglinjer og bruka maling/ulikt belegg for å auke fokus på at ein bevegar seg inn i ei sone med fleire funksjonar.

– Alle forskning dokumenterar at ei slik løysing er med å gje redusert fart, fortel Knut Hjertholm, dagleg leiar hjå A/Stab, som har utarbeidd planen på vegne av Bøe og Lepsøy Utbygging.

På fotgjengarane sine premisser

Planarkitektane ser for seg eit gatetun med total bredde på 7,5 meter kor køyrebana blir 5,5 meter og fortau på 2 meter.

– Gatetunet skal planleggast på fotgjengarane sine premiss, og skal framstå på slik måte.

– Til dømes med ulik steinlegging i køyrebane og gangsone, låg kantstein mellom køyrebane og gangfelt samt ulike fartsreduserande tiltak.

– Det at vi i tillegg beheld ei smal køyrebane vil òg vera med på å halde farten nede.

– Forskninga viser òg at når det framstår som eit tydeleg gatetun, så tek dei ulike trafikantane større hensyn og er meir merksamme på kvarandre, seier Hjertholm.

Framlegget vil òg styrka den grøntaksen som er skissert i Stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro.

Betre trapp til minneparken

For å få plass til gatetunet foreslår ein i områdereguleringa å flytta muren mot minneparken 1,5 meter mot parken. I tillegg vil ein gjera trappa opp til minneparken mindre trafikkfarleg.

I dag endar det siste trinnet rett ut i Giskavollen. I det nye framlegget trekk ein trappa litt nærare minneparken og formar denne i to halvboger, noko som gjer at en skapar eit rom mellom det siste trappetrinnet og trafikkert veg.

Tydelegare ferdselsårer

Mykje av arbeidet med områdereguleringa har gått med på å stramma opp veg og gangstrukturen i området.

– Alléen inn mot kyrkjegarden vil vi ta vare på og rusta opp gjennom å etablera denne som ein av gangvegane opp mot ungdomsskulen og Landboden.

– Det gjer vi både for å få eit tryggare gangareal og for å sleppa å etablera fortau i Landboden.

– I tillegg har vi sett på trafikkløysinga framfor kyrkja. Der gjer vi framlegg om å etablera eit torg slik at det blir samanhengande areal for dei mjuke trafikantane.

– Dei har stått høgt i fokus i arbeidet med planen, forsikrar Hjertholm.

Ut på høyring

Områdeplanen for landboden omfattar omlag 80 nye bustader og 280 parkeringsplassar, kor av 150 offentlege plassar i eit nytt garasjeanlegg under grusbanen. Planen leggast no ut på høyring.

– Eg reknar med at det kjem eindel innspel.

– Ein ting har vi allereie oppdaga. Vi må gjera justeringer inn mot den tilstøtande planen for Os Vest, avsluttar Knut Hjertholm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.