Lokal | 06. jan. 2016

Set inn ekstra buss

Frå i dag kan du ikkje køyre fritt til Bergen. Skyss set inn ekstra buss og legg om ruta for å ta med fleire passasjerar.

Set inn ekstra buss
Skyss set inn ein ekstra buss på 0630-avgangen frå Os (ill.foto: AH)
Andris Hamreonsdag 06. jan. 2016 09:28

Frå onsdag 6. januar klokka 6 til og med fredag 8. januar klokka 22 er det innført datokøyring i Bergen grunna høg luftforureining.

Datokøyring betyr at bilar med nummerskilt som endar med partal (0,2,4,6,8) og oddetal (1,3,5,7,9) får køyre annankvar dag. Onsdag og fredag er partalsdagar, torsdag er oddetalsdag.

Ordninga omfattar all køyring innanfor den ytre bompengeringen, men gjeld ikkje om natta mellom klokka 22 og 6.

Unntak frå datokøyringa

Nokre får unntak frå regelen om datokøyring, dette er:

  • Bilar med tre eller fleire personar
  • Elbilar
  • Hybridbilar
  • Køyring knytt til næringsverksemd eller offentleg teneste
  • Utrykking
  • Pasienttransport
  • Transport for funksjonshemma

Bergen kommune oppmodar alle om å la bilen stå medan luftforureininga er høg, sjølv om du har lov til å køyre bil i følgje ordninga.

Lengre tid med bussen

For å ta unna det ein ventar blir ein auka bruk av kollektivtrafikk har Skyss satt inn éin ekstra buss på avgangen frå Os klokka 0630 dei aktuelle dagane.

I tillegg stoppar no Os-bussen på alle haldeplassar mellom Nesttun terminal og Bergen sentrum. Det betyr at kollektivreisande frå Os må rekna med å bruka lengre tid til byen.

Allereie frå 4. januar auka Skyss frekvensen på bussar mellom Os og Bergen. Dette var ei permanent omlegging som var planlagt lenge før luftforurensinga blei tema.

Sjå bussrutene mellom Os og Bergen her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.