Set høna på spel
Bondens Dag, som blir arrangert i Os sentrum laurdag, blir truleg meir spennande enn nokosinne.
Greit, vi tar kanskje nebbet for fullt, rundballerace i Byvegen i 2005 og i Landboden i 2006 var også spennande, men årets hønebingo er nytt innslag og morosamt krydder i den tradisjonsrike bondedagen på Osøyro.
– Eg trur det blir skitbra, seier Olav Botnevik frå Os Bondelag.
Bingoen fungerer nemleg sånn at du kan satsa på ei brikke på ei inndelt plate. Skit høna på di brikke så vinn du.
– Vi satsar ekstra på dyreopplevingar i år, så det blir endå kjekkare på Kyrkjeflaten enn før.
Bondens Dag handlar om gratis frukost på torget, utstillarar med lokalprodusert mat og riding, kalvesjå og møte med dyr på Kyrkjeflaten.
– Vi tar som vanleg med kyr, kalvar, grisar og høner. I tillegg blir det i år kaninar, høner, ender, kalkunar, kyllingar og fleire rasar med kyr, seier Botnevik.
Bondens Dag finn stad i Os sentrum frå klokka 10 til 16 førstkomande laurdag.