Set fyr på huset
Øving og nedbrenning: Tysdag 1. mars blir det flammar og røyk frå Mobergslio.
Eit murhus på Mobergslio som skal rivast skal først få svidd av tak og interiør.
- Vi startar øvinga i 8.30-tida og kjem ikkje til å bruka lang tid, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Testar nyebilen
Huset har fleire hol i golvet og er lite eigna til å driva røykdykkartrening i. Men litt øving blir det likevel under nedbrenninga.
- Dette blir første øving av denne typen med den nye tankbilen. Vi kjem til å ha øving i slangeutlegg og praktisk øving med vasskanon og anna utstyr på den nye bilen, fortel brannsjefen.
Vraka står framleis
Tre bilvrak og to gamle båtar har stått på eigedomen den siste tida. Eigaren har ikkje retta seg etter pålegg om fjerning.
- Vraka sto der i helga. Om dei står der i morgon tar vi likevel nedbrenninga, så får vi laga rekvisisjon for å få dei fjerna i etterkant.
Kostnaden med fjerninga kjem til å hefta ved eigaren.