Sport | 28. juni 2013

Sesongstart søndag

Alt utanom Kremretten er utselt til søndagens opning i Oselvo.

Sesongstart søndag
Hallgeir Fosså frå MX Sport på Amfi Os (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juni 2013 09:46

Søndag, eller rettare sagt ved midnatt natt til måndag 1. juli, startar årets fiskesesong i Oselvo.

Tidlegare enn i fjor

- Alle fiskekorta til sone 0 til 5 er utselt opningsnatta, seier Hallgeir Fosså frå MX Sport på AMFI Os.

- Men det er framleis mogleg å kjøpa sesongkort i Kremretten, legg fiskekort-forhandlaren til.

Årets sesong startar to veker tidlegare enn i fjor, men 2-4 veker seinare enn det som har vore mest vanleg dei siste 10 åra.

Håper på regn

- Det har gått fisk på elva og det er bra med fisk i sjøen.

- Men elva er i dag synkande og var nede i 3 kubikk i dag, sa Fosså torsdag.

Hallgeir og fleire andre fiskarar håper no på meir nedbør før søndag kveld.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.