Sesongstart med ny bil
Team Karoline stiller i år med ny bil i rallycross. I helga fekk Karoline testa Starlet-en i Vikedal.
Karoline Breivik (18), som har kjørt bilcross sidan konfirmasjonen, fekk i fjor ein forsmak på rallycross då ho leigde bil til nokre løp i haust.
I vinter har besteforeldra kjøpt og reparert ein Toyota Starlet, som for nokre år sidan blei brukt til å vinna NM.
– I tillegg har eg fått fleire sponsorar. Utan dei ville det ikkje vore mogleg, seier Karoline, som i vinter har fått førarkort og no også er å treffa på asfalten i Os.
Den nye bilen er no ferdig og i helga kjørte Karoline årets første løp.
Tre femteplassar
Etter innsjekk, førarmøte og test av banen blei det tatt dekkskifte til noko som passa betre på den våte og glatte banen.
– Eg kjørte inn til femteplass i alle dei tre omgangane. Andre omgang var eg mest nøgd med, då kjørte eg på 3.28,03 mens vinnaren kjørte inn på 3.06,32.
– Testing viktigast
Karoline er nøgd med turen til Vikedal, prestasjonane og bilen.
– Sjølv om den er ny for meg og litt uvant å kjøra, synest eg allereie at den er betre enn den eg leigde i fjor.
– Men det viktigaste no i starten er ikkje resultata, eg reiste til Vikedal for å testa bilen. Også 26. april, når det er løp i Bergen, er det å prøva ut bilen hovudprioritet, seier den unge rallycrosskjøraren.