Sesongstart i Eikedalen til helga
Startar med barneområdet, men opnar kanskje fleire på søndag.
Leiinga ved alpinanlegga i Eikedalen, Voss og Myrkdalen fortalte i november at dei har godt sal av sesongkort og stor tru på årets sesong.
Voss og Myrkdalen fekk sesongstart før jul, Eikedalen opnar dei første heisane laurdag 9. januar.
– Vi fekk bra med snø i romjula, og har no produsert nok påfyll i form av kunstsnø til at vi kan opna dei to heisane i barneområdet, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.
Det er meldt overskya, svak vind og 4-7 minusgradar i Eikedalen laurdag. Frå laurdag kveld, natt til søndag og fram til tysdag morgon skal det snø.
– Kjem det nok snø natt til søndag er det mogleg at vi òg opnar Setertrekket søndag, så ungdom og vaksne får ei litt lengre løype å boltra seg i.
Om det er nok snø opnar òg kveldskøyringa tysdag.
- Sjå vêrmelding for Eikedalen på VG Pent
Denne helga er det uansett berre ope for folk med sesongkort.
– Det er restriksjonar på kor mange vi kan ha i skiheisane, forklarer Tønjum.
– Blir varmestova open?
– Ja, det blir den, men naturlegvis med færre gjestar innandørs på same tid enn normalt.
Smitteverntiltak har redusert kapasiteten ved alpinanlegga, og Myrkdalen sel redusert mengde dagskort utanom sesongkort. Dei var utselt fleire dagar i juleferien.
– Vi har merkt auka sal av sesongkort den siste tida. Folk har gjerne fått med seg frå andre stadar i landet, at det har vore utselt for dagskort eller berre ope for folk med sesongkort. Det er ikkje så kjekt å ikkje kunna ta imot alle som ønskjer å stå på ski, men sånn er det dessverre i desse dagar. Nå vi får opna heile anlegget skal vi nok ha kapasitet til dei fleste, seier Tønjum til Midtsiden.