Kultur | 01. feb. 2013

Sesongopning på Vedholmen

Ingebjørn Astrup held opningstale og Gabriel Fliflet står for musikalsk innslag når Vedholmen Galleri i morgon opnar utstilling av Feng Xian Lin.

Sesongopning på Vedholmen
Utsnitt av maleri av&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Feng Xian Lin.&nbsp;</span>
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. feb. 2013 11:29

Laurdag 2. februar er det sesonopning hos Vedholmen Galleri.

Sesongen opnar med utstillinga Stillhet og Vitalitet av kunstnar Feng Xian Lin.

– Feng Xian Lin og mannen hennar, Jan Erik Willgohs, opnar utstilling i Hainan Museum i den kinesiske byen Haikoui februar. Men først kjem Feng til oss, seier Vibeke Harild.

– Vi set stor pris på at vi får lov å stilla ut dei nyaste maleria til denne kunstnere og vi kunne ikkje tenka oss ein betre sesongstart enn utstillinga Stillhet og Vitalitet.

Mennesket og naturen

– Motiva for bilda mine er henta frå naturen. Det er vekster og levande syklus, blomar og frukt under ulike forhold.

– Naturens frodige prosessar og fargerike mangfald gjenspeiler også det menneskelige livet, også mitt liv, seier Feng.

Ho har bakgrunnen sin i tradisjonell kinesisk maleri og kalligrafi, men dei siste fem åra har ho jobba mest med oljemaleri.

På utstillinga på Vedholmen Galleri viser ho både akryl- og oljemaleri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.