Sport | 11. apr. 2016

Seriemeistrar frå Søre Neset

Det blir opprykk til 2. divisjon på volleyballjentene frå Søre Neset som blei seriemistrar med 140 av 140 moglege poeng.

Seriemeistrar frå Søre Neset
Seriemeistarane Søre Neset med medaljebeviset rundt halsen. (Privat foto)
Kari M. Lyssandmåndag 11. apr. 2016 15:13

Bildeserie:

Første- og andrelaget etter turneringa og medaljeutdeling. (Privat foto)
Første- og andrelaget etter turneringa og medaljeutdeling. (Privat foto)
God stemning på medalje utdelinga. (Privat foto)
God stemning på medalje utdelinga. (Privat foto)
1 av 2

I siste turnering før serieslutt var Søre Neset allereie seriemeistrar før turneringa starta.

– Men vi hadde som mål at vi skulle vinne rankingen, fortel trenar Morten Asphaug.

Gruppespelet starta svakt for Søre Neset mot Bsi3, der dei spelte jamt i store delar av første sett. Dei vann til slutt settet 25 - 17 etter ein enorm innspurt.

– I andre settet var vi tilbake i god-spelet, Patrycja med enorme server og Anne-Irene som blokka alt som kom i retur. Vi vann 25 - 8.

Kamp nummer to var mot Fotlandvåg, eit lag som Søre Neset snappa bronsen rett framfor nasa på i forrige sesong.

– No har vi vist at vi har tatt store steg denne sesongen og vi vinner kontrollert 25 - 11 og 25 - 16. Det er gledeleg å vinna med så god kontroll når vi i store deler av kampene stiller med 14- åringane Amanda Boe og Cherin Isabell Eide på banen.

Asphaug fortel at dette er to spelarar som heile sesongen har imponert på trening og som har planar om å utfordra dei eldre damene på 1. laget.

– Cherin viser at ho kan bli ein midtspelar i høg klasse, medan Amanda sine opplegg berre blir betre og betre for kvar dag som går.

Søre Neset og Sotra til 2. divisjon

Med gruppesiger i boks venta no finalegruppa. Her skulle Søre Neset spela om 1., 2. og 3. plassen. I denne gruppa var det knytta stor spenning til Gneist 3 og Sotra, som hadde like mange samanlagtpoeng. Det laget som tok sølvet i denne turneringa ville få følga Søre Neset opp i 2. divisjon.

Søre Neset vann begge sine kamper og med hårfin siger over Gneist var det Sotra som gjekk av med andreplassen.

Søre Neset 2 var også med på turneringa, men dei var redusert etter at to av spelarane blei flytta opp til førstelaget og fleire andre sliter med sjukdom og skade.

Etter gruppespelet blei det kamp om 10. og 11. plassen på Søre Neset 2 og her møtte dei Knarvik. Søre Neset-jentene roter i første sett og taper 15-25.

– I andre settet speler vi enormt bra i 2/3 deler av settet og leiar stort når vi passerer 20 poeng. Men igjen er det mangel på rutine og serve-mottaket som ikkje sitter så vi taper 25-27.

– Vi tar med oss dei positive opplevingane frå turneringa, vi var berre fem spelarar i store delar av turneringa og ser forbetringar.

Tabellen ved serieslutt:

1- Søre Neset. 140 poeng
2- Sotra. 110 poeng
3- Gneist3 105 poeng
4- Gneist2 68 poeng
5- Knarvik 64 poeng
6- Hordvik 62 poeng
7- Fotlandsvåg 61 poeng
8- Bryggen 55 poeng
9- Nyborg3 53 poeng
10- Bsi3 37 poeng
11- Søre Neset2 34 poeng
12- Risnes 30 poeng
13- Møhlenpris 10 poeng

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.