Fotball | 12. juni 2023

Serieleiar redda av sjølvmål

Lysekloster har fått tilbake ei luke ned til 2. og 3. plass.

Serieleiar redda av sjølvmål
Kaptein Tobias Alme skåra Lysekloster sitt einaste mål i kampen. (Bilde frå NM-runden mot Sogndal, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. juni 2023 07:55

Serieleiar Lysekloster spelte søndag borte mot Ullern 2, som sto med 3 sigrar og 5 tap før niande runde.

Lysekloster gjekk i føringa med skåring av kaptein Tobias Alme i 11. minutt, vertane utlikna i 35. minutt.

Alme sto først også som målskårar i 76. minutt, men 1-2 til Lysekloster blei justert til sjølvmål av ein Ullern 2-spelar.

Lysekloster har med det vunne 8 av dei 9 første kampane. Samtidig har Os avgitt poeng og ligg 5 bak, saman med Sandviken.

Frigg slo Fana i helga, og dei to ligg 7 og 10 poeng bak serieleiar.

Lysekloster speler neste kamp heime mot nettopp Fana førstkomande søndag.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.