Ser det lyst ut for 17. mai?
Etter to år på rad med tunge regnbyger på Kyrkjeflaten kan det i år sjå ut til å vera lys i enden av ein lang og våt tunnel.
Langtidsvarselet når no heilt fram til 18. mai og meldingane for Osøyro ser lyse ut - mot slutten av neste veke.
• Yr.no melder regn kvar dag fram til og med torsdag 16. mai. Det er venta mest nedbør førstkomande laurdag og tysdag.
Men til 17. mai melder Yr opphaldsvêr og heile 17 varmegradar. Laurdag 18. mai skal det bli delvis skya, 1,7 mm nedbør og 16 gradar.
• Storm.no melder også regn alle dagar framover, men spår opphaldsvêr 16. mai og sol og 15 varmegradar på 17. mai.
I Os var det sol og fint vêr tre år på rad frå 2007 til 2009, overskya og opphaldvêr i 2010, og ausande regn i 2011 og 2012.
Både i fjor og i 2011 var det lettare vêr under prosesjonen, men under samlinga og talane på Kyrkjeflaten var det behov for paraply.
Sjå bildeserien over, som viser vêret i Os frå 2004 til 2012.