Send fiskebilde - vinn kajakk!
Fiske- og fotokonkurranse: I løpet av sommaren kårer vi beste fiskebilde, i tre kategoriar.
Har du fått fisk og vil dela fangsten din med Midtsiden sine lesarar?
Denne sommaren arrangerer vi, i samarbeid med MX Sport, fiskefotokonkurranse med premiar til dei beste i desse kategoriane:
1. Mest imponerande fangst.
2. Mest sjarmerande.
3. Mest morosam/beste blinkskot.
Premiane
Vinnarane av kvar kategori får kvar sitt gåverkort på 500 kroner hos MX Sport Os.
Fiskar på beste bilde uansett klasse vinn ein sit-on-top kajakk (single).
Sit-on-top er ein ny kajakkserie hos MX Sport med modellar for 1, 2 og 3 personar. Sit-on-top er praktiske og stabile kajakkar som er vanskelege å velta, lett å koma seg utav og lett å koma seg opp igjen i om du skulle hamna i sjøen.
Frist og vilkår
1. Send ditt/dine bilde til kjetil@midtsiden.no innan 1. september. Vinnarane blir kåra og publisert innan 10. september.
2. Saman med bilde send namn og mobilnummer til fotograf, person(ar) på bildet, art på fisken og kor tid og cirka kvar den blei fiska. Fisken må vera tatt i 2013.
3. Fisken kan vera fiska i utlandet, og den kan vera fiska på andre reiskapar enn stang/snøre.
4. Det er fiskaren som er deltakar, men vedkomande må ha samtykke frå fotograf og eventuelle andre personar på bildet for å delta.
5. Kvar innsendar kan delta med inntil fem bilde.
6. Ved å senda bilde til konkurransen godtar du at bilda kan bli publisert på Midtsiden
Skitt fiske!