Jakt, fiske og natur | 07. juni 2023

– Seinast i dag kom det ein mann vandrande frå moloen med nyfiska laks

Ser behov for å informera om reglane i og utanfor hamna.

– Seinast i dag kom det ein mann vandrande frå moloen med nyfiska laks
Her er det ikkje lov å fiska etter laks før 15. juli. «Catch and release» er heller ikkje lov. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juni 2023 13:49

Fiskesesongen i Oselvo starta 1. juni.

Både før og etter sesongstart har det stått mykje laks og aure utanfor elva, og i den siste tida har både grunneigarlaget og Os Jakt og Fiskelag fått fleire meldingar om ulovleg fiske i og rundt Os hamn.

– Seinast i dag kom ein mann gåande med ein stor laks tatt på moloen på Steinneset. Andre observasjonar fortel om folk som står endå lengre inne, ved skiltet som viser grense elv-sjø, og kastar innover, fortel Roald Helle, formann i grunneigarlaget.

Han ser no behov for å gå ut med informasjon om reglane, sonene og datoane som gjeld.

– Det er litt å setja seg inn i, men ein grunnregel som du skulle tru alle vaksne forsto, er at du må læra deg reglane før du byrjar å fiska.

Folk som konfronterer fiskarane har blitt møtt med både «takk for informasjonen» og påstand om «catch and release».

– «Catch and release» er ikkje lov her. Der det er forbod, er det forbod mot alle forsøk på å få laks eller aure på kroken.

– Har de vurdert skilting? Det er jo allereie ein del informasjon om svanene, kvifor ikkje om fiskereglar?

– Ja, det hadde vore til hjelp med skilting. Vi har diskutert det med kommunen tidlegare, og vil ta tak i det igjen.

Reglane og sonene er fleire:

1. Forbodssone: Alt fiske forbode, uansett reiskap, heile året!

2. 100 meter-sona: Fiske med stong frå land er lovleg frå sesongstart i elva (1. juni 2023, ulike datoar tidlegare år). Det gjeld også laks (og aure*).

3. Fredningssona: Lovleg å fiska med stong og handsnøre frå land og frå båt heile året, men etter laks (og aure*) berre etter 15. juli.

*Håper folk ikkje fiskar aure: I år 2000 blei det fiska 681 aure i Oselvo, i 2009 var talet nede i 35. 2011 er sist det var fiske etter sjøaure i Oselvo, frå 2012 har det vore forbod mot å ta sjøaure i heile Osvassdraget. Bestanden kjem seg ikkje opp igjen om det blir fiska sjøaure rett på utsida av elva.

Les om grensene og sjå ulike kart:

– Ved sidan av å ta omsyn til reglane, å venta med å fiska etter laks til 15. juli, håper vi at folk lar sjøauren svømma vidare så lenge den er totalfreda i vassdraget.

– Vi har jobba i over ti år med å få bestanden opp igjen. Dette arbeidet blir meir vanskeleg om andre skal stå på moloen på seinsommaren og hala på land middag etter middag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.