Fotball | 20. apr. 2020

Sånn skal klubbane i gang igjen

Lysekloster er i drift, Os startar med seniorlaga.

Sånn skal klubbane i gang igjen
Ruben Hetlevik og Lysekloster er allereie i gang med organisert trening frå 12 år og opp. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. apr. 2020 12:20
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Torsdag 12. mars kom meldinga om full stopp i all fellesaktivitet ut april. Kort tid seinare blei banane òg stengte for eigentrening, men dette opna opp igjen med vakthald frå 1. april.

Så blei det opna for organisert trening igjen, men på visse vilkår (sjå liste nedst i artikkelen).

– A-laget kom i gang igjen laurdag, og det var verkeleg ein gjeng som kribla etter å trena saman igjen! seier Svein Kollen i Lysekloster.

– Ungdomsfotballen, frå 12 år og opp, har vore i gang ei god veke.

Lysekloster har ikkje mista ein einaste spelar i løpet av koronakrisa, og har trenar og spelarar på proffkontrakt tilbake i redusert stilling, framleis delvis permittert.

Os: Senior denne veka - ungdom neste veke

Os Fotball har i styremøte søndag planlagt og bestemt korleis oppstarten skal bli.

– Vi startar med A-laget, Os 2/junior 1 og damelaga i dag. Os 3 og ungdomslaga (13 til 19 år) får oppstart frå måndag 27. april, fortel styreleiar Leiv Gunnar Heggland.

Os Fotball har betalte trenarar på førstelaga på alle trinn frå 13 år og opp. Desse blir no delvis tilbake frå permisjon.

– Ved sidan av oppstart for seniorlaga vil eg dei neste dagane legga til rette for og planlegga praktisk gjennomføring av oppstart for ungdomslaga - i tråd med koronareglane, seier dagleg leiar og hovudtrenar for A-laget, Endre Brenne.

Endre Brenne startar opp med A-laget i dag - og planlegg oppstart for ungdomen om ei veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Endre Brenne startar opp med A-laget i dag - og planlegg oppstart for ungdomen om ei veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Dette vil krevja litt ekstra av foreldra rundt laga, for at vi skal ha nok vaksne per treningsøkt. Det vil òg krevja ekstra av trenarane, med planlegging av trygge, lærerike og kjekke øvingar.

Yngre lag har ikkje fått oppstartdato enno, her vil Os Fotball først hausta erfaring frå ungdomslaga.

Dei yngste skuleklassane, 1. til 4. trinn, skal starta opp igjen på skulen måndag 27. april. Os Fotball vurderer å gå i gang med FFO veka etter, altså frå 4. mai, men dette er foreløpig ikkje heilt sikkert.

Nore Neset og Søre Neset

Søre Neset idrettslag har foreløpig stengt bane og låg aktivitet.

– A-laget har fått lov å gå i gang igjen, men vi har foreløpig ikkje sett dato for barnelaga, seier Bjarte Aarvik.

Nore Neset idrettslag har venta på vedtak i Os.

– Vi har tett samarbeid med Os Fotball, og samarbeidslag på jentesida, så vi bestemte oss torsdag på å venta på Os Fotball sitt styremøte i går, seier dagleg leiar Eirik André Hesthamar.

– No er dette på plass, og vi planlegg vidare oppstart for ungdomslaga. I mellomtida blir det opningstider og vakthald utover i veka, for dei som vil driva eigentrening i små grupper.

Fotballens koronavettregler (utarbeidd av Norges idrettsforbund)

Anbefalingene gjelder for all aktivitet på en fotballbane - både egeninitiert og klubborganisert

  • Det bør være en voksenperson til stede per gruppe ved all fotballbaneaktivitet for barn og unge
  • Ikke flere enn fem personer per gruppe. Fire spillere + en trener/leder/voksen
  • Alltid to meters avstand eller mer, både innad i gruppen og til eventuelle andre grupper. Det gjelder også ved oppmøte og inndeling av grupper.
  • Det er ikke tillatt med aktiviteter hvor spillerne kjemper om ballen eller på annen måte er i fysisk nærkontakt med hverandre
  • Husk at ballen er en potensiell smittekilde og må rengjøres med såpe før og etter bruk
  • Ikke ta på ballen med hendene
  • Unngå heading
  • Kjegler og annet utstyr bør håndteres av en og samme person gjennom hele aktiviteten
  • Felles garderober skal ikke benyttes
  • Husk gode hygienerutiner i forbindelse med aktiviteten, god tilgang på Antibac og rutiner for grundig vask av hender, før og etter aktiviteten.
  • Sjå òg NFF si samleside med saker relatert til koronapandemien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.