Sånn ser det dyraste fyrverkeriet ut
Festival Fyrverkeri, assistert av Joar frå Lothepus-serien, testa utstyret i Særvollvika i kveld.
For tredje år på rad samla Festival forhandlarar frå heile Hordaland i Os for demonstrasjon av årets variantar av fyrverkeri. I fjor hadde dei med seg Einar «Lothepus» Lothe. Mens skytebasen er opptatt med å vera forfattar, ølbryggar og Farmen-vinnar var det kameraten Joar «Levemann» Førde som sto for kjendisfaktoren i år.
– Eg skal selja fyrverkeri for første gong i år, og er spent på kva dei har å by på, seier Joar, som har ein Mekk-butikk i Odda.
– Eg er òg spent på om eg i det heile tatt har sjanse til å gå i pluss, eller om eg kjem til å fyra opp alt sjølv. Eg er veldig glad i slike saker.
Vertsskap, Kent Ivar Mjølkeråen og Frøydis Ekerhovd, hadde rigga opp kafé med sal av vaflar, leigetakar i den eine hallen i Særvollvika, Marete’s Garage Art, hadde open garasje med sal av lakkert brukskunst som juletrekuler og postkassar.
Mange tilskodarar var samla i det fine vintervêret, og dei fekk over ein time med fyrverkeri.
31 variantar
31 ulike typar bakkefyrverkeri, av den typen eg og du har lov å kjøpa, blei fyrt av i fire ulike sortiment.
– Vi har kjedeavtalar med blant andre Rema 1000, Coop, Mekk, Plantasjen og Europris, fortel Eirik Johansen frå Festival.
Først ut var åtte variantar av det du får kjøpt på Rema før årets nyttårsaftan.
– Denne er den største vi sel via Rema i år, «Double Twister», til 1850 kroner. Den har to lunter som skal fyrast av samtidig.
Publikum var tydelegvis nøgd med finalen. Så kom 23 til.
– Eg er usikker på om denne blir selt på Os, sa Johansen etter siste salve, «Trippel XXX» til 3500 kroner, den største i Premium-serien.
Både «Double Twister» og «Trippel XXX» ser du i full lengde i videoen over.
Juleverkstad med lakk
Men nokre varma seg rundt bålpanna tok andre turen innom Marete Lund Bakke sin verkstad.
– Eg sender ein del gåver med posten om dagen, som denne, som skal til Alta, fortel Marete.
– Det er bra med bestillingar frå begge endane av landet vårt no, både Nord-Noreg og Sørlandet, fortel ho.
I mellomtida klarer ikkje entreprenør Hallgeir Lekven å halda seg unna julekulene.
– Eg kjøper stort sett alt med Cat-logo, ler Hallgeir, mens dei siste salvene blir fyrt av utandørs.