Sånn såg uvêret ut i Nordsjøen
Trond Bruarøy måtte ut på jobb dagen før det nye kameraet kom i posten. Men kapteinen klarte seg likevel bra med kameraet på mobilen.
Etter halvanna døgn med etterlengta sommarvêr i Os kom regnet inn over Vestlandet torsdag kveld.
Då vêret var i Nordsjøen var det verre.
– Det lyna bra her i natt, seier Trond Bruarøy.
Osingen er kaptein på eit av verdast kraftigaste ankerhandteringsfartøy, 95 meter lange KL «Sandefjord» kosta 980 millionar kroner å bygga.
Sjå bildeserie frå då Trond i 2012 var innom Øyane med skipet (og fekk Hargun-kaien til å sjå ut som ei flytebrygge).
– Det varte berre nokre minutt
KL «Sandefjord» med Bruarøy som sjef låg på engelsk sektor, rett ved grensa til norsk sone, då Trond tok bilde av vêret.
På bilda ser det nesten ut som ein tsunami ved riggen Sedco704.
– Sky-fenomenet varte berre nokre minutt i morgontimane.
– Eg var heldig som klarte å knipsa nokre bilde mens det sto på, seier Trond, som òg tok bilde av ein spektakulær regnboge to dagar før, på veg ut på feltet, rundt 40 nautiske mil vest av Tananger.
No held Bruarøy på å kopla opp boreriggen Sedco704 til eit ankersystem.
Måtte nøya seg med mobilkamera
På spørsmål om kva kamera han bruker, og om han er fotointeressert eller berre heldig med vêret, svarer Trond at bilda blei tatt med mobiltelefonen.
– Eg er litt interessert i foto og har bestilt meg eit Nikon AW1.
– Men kamera kom i posten dagen etter at eg reiste ut, så eg måtte nøya meg med mobilen.
Som kaptein og som friluftsmann får han mange fine motiv rett i fanget.
Vil du sjå fleire bilde Trond har tatt kan du sjekka twitterprofilen hans, @fjellfanten76, der han i skrivande stund har 13.100 følgjarar!