Sånn kunne Os sett ut – i 2013
Os kommune vil ha "Liv på Øyro". Hadde Oshjørnet-prosjektet blitt selt i 2011 ville store delar av sentrum allereie vore fornya.
Sommaren 2011 blei eit prosjekt med utviding og heilt nye leilegheiter i Oshjørnet lagt ut for sal.
Hadde framdrifta blitt som planlagt så ville Oshjørnet vore ferdig bygd og alle kjøparane hadde overtatt i september i fjor.
I tillegg ville 25 leilegheiter i bankbygget i skrivande stund vore for sal, med innflytting i dei siste husa i september i år.
I bankbygget hadde det også vore nytt næringslokale for handel, blant anna med eit minikjøpesenter med rulletrapper opp frå gateplan.
– Fondet sit på store, sentrale bygg, vi har følgt sentrumsplanen og etablerte ein god dialog med eigarar av omliggande bygg. Osøyro kunne blitt tatt steg for steg.
– Dette ville vore starten på eit omfattande prosjekt som inkluderer store delar av Os sentrum, seier Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning AS.
Første steg i stor fornying
Fondet som eig Oshjørnet, bankbygget og Buggegården har til saman 4000 kvadratmeter - og kan bygga oppunder 10.000 kvadratmeter.
Neste trinn kunne blitt seinare samarbeid eller oppkjøp av fleire eigedomar, oppover elva, med Bakketeig, Kolås, Pedersen og Lepsøy sine, som ville gjeve yttarlegare 20.000 kvadratmeter - til saman 30.000 kvadratmeter med næring og 150 husvære.
Til samanlikning er "Lidl-lageret" 36.000 kvadratmeter.
Også kvartalet i sentrumskjerna, med Fagerthun, Aksvik og Lepsøy, kunne blitt del av nye prosjekt.
– Fondet ville i utgangspunktet kjøpa mest mogleg av Os sentrum, for å kunna laga gode, omfattande planar, for at det eine prosjektet skulle løfta fram det neste, seier Haugan.
Men finanskrisa kom og det blei med desse bygga, førebels. Og starten blei med Oshjørnet, først sal av 9 nye leilegheiter, så sal av oppgradert versjon av dei 8 eksisterande.
– Midtsiden-redaktøren seier at timinga no er perfekt. Men timinga var også perfekt då vi la Oshjørnet ut for sal, hadde sentrum ikkje vore så prega av nattestøy.
– Om vi hadde kome godt i gang kunne vi ha utvikla alt fondet eigde og seinare fått andre med på seinare byggetrinn.
Inkludert i skissene er blant anna gågater under tak, nye næringslokaler, tak mellom Lepsøy/Fisketorget og bankbygget og Handle-/Bjørnegården, tak mellom Libris og Oshjørnet.
Til spott og spe
Det starta i 2007 og 2008, då fondet BB Eiendom Invest I KS kjøpte Oshjørnet, Brugata 6 (bankbygga) og Buggegården.
No er eigedomane for sal.
– Om ikkje vi får selt alt samla til ein stor investor risikerer vi dessverre å måtta stykka det opp. Det vil vera eit stort tilbakesteg for Os sentrum.
– Oshjørnet er seksjonert opp og viss vi sel dei 8 husværa og dei 2 næringslokala i Oshjørnet til kva sine eigarar trur eg det blir svært vanskeleg å få desse til å legga ut store summar på ei fasadeendring.
– Oshjørnet vi stå som det står i dag, til spott og spe i "all framtid". Vi kjempar framleis døgnet rundt for at dette ikkje skal skje.
Ikkje imot nattklubb
Dei fleste er einige i at det er med sal av bustadar i sentrumskjerna at vidareutviklnga av Os sentrum må skje.
– Men med den støyen som er om nettene i helgene no så er det to årsaker til at det ikkje lét seg gjera å utvikla gode eigedomsprosjekt; det eine er at potensielle kjøparar fryktar støy, vi hadde fleire interessentar på Oshjørnet som trekte seg etter at natklubben kom i desember 2010.
– Det andre, og viktigaste, er at det er fysisk umogleg å bygga godkjente hus i slik støy. Dagens krav seier maks 35 dB på ytterveggen som maksgrense på nattestid.
– Kommunelegen bad oss om å omarbeide prosjektet slik at soverom ble lagt på baksiden. Problemet vårt var at Oshjørnet ikkje har noko særleg bakside.
– Vi har prinsippielt nattklubbformål med i vårt prosjekt, men ville ikkje ha bygd nattklubb utan utgreiing som sikrar bukvaliteten. Eg er FOR nattklubb, viss det blir gjort skikkeleg, viss den blir bygd der den ikkje er til sjenanse for naboar.
– No ser vi at også ordføreren tar til ordet for at vi må få greie på korleis slike motstridande interesser skal løysast.
Saka om nattklubben Irish Cat er framleis ikkje avgjort. Fylkesmannen ser på klagesaka på nytt, dessutan jobbar ny eigar både med å få skjenkeløyve og å tilfredsstilla krav om støyreduksjon og krav frå Arbeidstilsynet.
– Alt kan endra seg
Haugan fortel om interesse for eigedomane som ligg for sal, også blant enkelte som er store nok til å kjøpa alt samla er det nokon som snusar på eigedomane. Slike sal tar tid.
– Men det kan også henda at det rette er å droppa salet, å relansera heile prosjektet. Dette blir opp til styret i BBEI å avgjera.
– Kjem det ei rask avgjerd i nattklubb-saka så endrar alt seg, både for fondet og for eventuelle kjøparar.
Haugan håper uansett at kommunen og prosjektgruppa i "Liv på Øyro" ikkje prøver å finna opp alle hjula på nytt.
– Uavhengig av kven som blir sitjande som huseigarar, blant anna av bygga BBEI eig i dag, så er prosjekta gode. Vi tok stafettpinnen vidare frå sentrumsplanen som blei vedtatt i 2008 og lagde både planar og skapte dialog mellom omliggande huseigarar.
– Prosjekta står seg, strategien står seg - no handlar det om framdrift, meiner Terje Haugan.