Sånn har du ikkje sett Kyrkjeflaten før
Nye Os Orienteringsklubb arrangerte i helga kretsmeisterskap i sprintstafett.
I desember i fjor blei Os Orienteringsklubb stifta, i april opna dei ei stolpejakt-løype i Os sentrum og laurdag arrangerte dei sin første terminfesta konkurranse, KM i sprintstafett.
– Det har gått veldig fint. Kyrkjeflaten er ypperleg arena, slike sprintløp går ofte i tettbygde strøk og då er det supert å ha ein slik stad for start og mål. I tillegg har Os Frivilligsentral vore utruleg greie og lånt oss det gamle kommunehuset som base, seier Marie Pontoppidan frå Os OK.
Uheldig dato
22 lag (2 på kvart lag) stilte opp i KM på Os. Det kunne vore fleire.
– Vi hadde håpa på rundt 50 deltakande lag, men konkurransen kolliderte både med Holmenkollstafetten og 10mila.
– Det var ikkje vi som bestemte datoen, vi sto berre for gjennomføringa.
Terningkast seks til nye Os OK, skriv orientering.no om arrangementet.
God stemning og lokal debut
Det blei konkurrert i klassane junior (11 til 16 år, gut og jente saman), herrar og damer.
Juniorlaga sprang ei løype på 1500 meter (x2), damene sprang 2 x 2000 meter og herrar 2 x 2500 meter rundt Os sentrum.
– Deltakarane har sjølv ansvar for å kryssa vegen på ein trygg måte, men vi var på førehand i dialog med politiet og hadde sett ut varselsskilt for bilistane. Det hender jo at deltakarane blir litt for opptatt med å sjå i kartet.
Os OK har rundt 25 medlemmar. Dei fleste var, saman med nokre hjelparar, i sving som vaktar og mannskap under arrangementet.
– Vi stilte med eitt lag. Det var sonane mine som stilte i juniorklassen, Matias (12) og Nikolai (10). Dette var Nikolai sin første konkurranse. Det var kjekt at dei ville stilla opp som representant for Os og at Nikolai fann postane og gjennomførte på ein fin måte, synest ei litt kry Marie Pontoppidan.
Dobbeltsiger til Varegg i juniorklassen
I juniorklassen var det Aune Dørmænen og Erlend Sørheim frå Varegg som vann.
Oscar M. L. Stenhaug og Kristoffer K. Haugland frå same klubb tok 2. plass, Andreas Nysæter og John William Hammer frå Bergens TF tok tredjeplass.
Dei einaste jentene i juniorklassen, Marie Oen-Sivertsen og Mari Strømme Lid frå TIF Viking, kom på 4. plass, mens brørne frå Os tok 5. plassen.
Sprang seg opp frå 3. plass
I dameklassen var det Nina Goga og Randi Hole frå Bergens TF som vann.
Dagrun Daltveit Slettebø og Hanne Daltveit frå Fana IL kom på 2. plass, Marit Nipen og Marielle Arntzen frå Gneist IL tok 3. plass.
I herreklassen veksla Andreas Polden med Øyvind Johannessen som tredje lag, men sisteetappen blei så god at dei to herrane frå Gneist stakk av med sigeren.
Trygve Buanæs og Sondre Damm frå TIF Viking fekk 2. plass, Sturle Nordeide og André Dyrstad frå Gneist fekk 3. plass.
Neste konkurranse Os OK skal arrangera er eit bedriftsløp 26. august.