Sandal i ny jobb og nytt firma
No vil han ha vaksne idrettsutøvarar og endå yngre fotballspelarar til Mallorca.
Lysekloster rykte opp kvart år Ørjan Sandal var trenar, først frå 7. til 3. divisjon på 4 år, så til 2. divisjon då Ørjan var tilbake på feltet hausten 2015.
Tidlegare trenar og dagleg leiar i Lysekloster, Ørjan Sandal, er no tilbake på Mallorca, men i litt ny rolle, og med nystarta firma på si.
Ved sidan av jobben som sportssjef for Mallorca Toppfotball vil han med Camp Mallorca driva både bootcamp for vaksne idrettsutøvarar og mosjonistar, og fotballskule i påske- og haustferiar for spelarar i ungdomsskulealder.
Speler i spansk serie
Sandal hadde mange år bak seg innan talentutvikling på Mallorca før han blei engasjert i satsingsprosjektet i Lysekloster.
Dette fortalde han om då han i 2011 gav ut bok.
– Den gong var det Scandinavian Footballschool, med 2 eller 6 månadar opphald. No heiter det Mallorca Toppfotball og tilbodet er utvida til også å tilby 9 månadar opphald.
Mallorca Toppfotball er eit profesjonelt fotballakademi for ambisiøse fotballtalent i alderen 17-23 år.
• Les òg: Osingen Mikal trener som ein proff i Spania
– Mange ser på dette som ei utdanning, som ei investering i eigen fotballframtid, samtidig som dei får oppleva mykje.
– Deltakarane speler dessutan full spansk serie både med herre- og damelag.
Herrelaget har ambisjonar om å koma seg til 3. divisjon (nivå 4, nivået under der Martin Ødegaard spelte), damelaget skulle som nystarta ha starta på fjerde og nedste nivå, men fekk ein ledig plass i 3. divisjon.
– Målet for damelaget var å halda seg, men no ligg dei faktisk og kjempar om opprykk til 2. divisjon, fortel Ørjan nøgd.
Lager fotballskule for yngre spelarar
Parallelt med jobben som sportssjef har Sandal starta eit eige firma, Camp Mallorca.
– Her blir det eigne fotballskular i haust- og påskeferiar tilpassa ambisiøse spelarar frå 13 til 15 år. Campen går over 11 dagar og vil bli «tidenes camp», ei oppleving for livet, både på og utanfor banen, lover talentutviklaren.
Deltakarane skal bu på firestjernershotellet Sea Club Mediterranean Resort i Alcudia, to kilometer frå fotballanlegget.
– Eg bruker Mallorca Toppfotball sitt flotte anlegg og norske og spanske trenarar som held svært høgt nivå.
– Det blir tett personleg oppfølging, vi kjem til å ha éin trenar per tre spelarar, og har berre plass til 20 deltakarar per camp.
Første camp blir i haustferien 2017.
– Ved sidan av det som skjer på banen blir det opplevingar som ikkje står på programmet, ei lita overrasking for ungdomen. Eg og fleire av dei eg har med meg kjenner Mallorca svært godt, seier ein noko løyndomsfull Sandal.
Bootcamp for vaksne
Utanom fotballcamp vil Camp Mallorca ta imot idrettsutøvarar og mosjonistar til eigen bootcamp, også her med tett individuell oppfølging.
– Her blir det to-tre økter om dagen, utviklingssamtalar, råd om kosthald og eigne foredrag.
Den eine bootcampen er på tre veker, ein annan, på 11 dagar, er spesielt retta mot kvinner.
– Treningsøktene vil vera i naturen, på fjellet, stranda og i parken.
Med tidlegare «elevar» som instruktørar
Sandal trivst med å vera tilbake på Mallorca, men pendlar ein del heim til eigne born i Bergen.
Med Camp Mallorca vil han få gjensyn med spelarar han sjølv har instruert, både på Mallorca og i Lysefjorden.
– Martin Eidsvik hadde seg 6 månadar på Mallorca då han var yngre, og blir ein av instruktørane på fotballcampen. Det blir også Ståle Steen Sæthre, som nyleg spelte for Lysekloster, og som har store trenarambisjonar.
Fotballcampen får både norske og spanske instruktørar.
– Eg byrjar for fullt etter påske, men det har allereie byrja å koma inn påmelding til første fotballcamp, fortel Ørjan Sandal.