Samnanger vil melda seg på
I går vedtok kommunestyra i Os og Fusa samrøystes at dei skulle gå vidare i prosessen med kommunereforma. I dag har Samnanger meldt seg på.
Samnanger hadde i utgangspunktet sagt at dei ville stå aleine, men politisk skifte kor ein representant gjekk ut av partiet sitt gjorde at det likevel blei fleirtal for å ha samtaler med nabokommunar.
Kommunen har allereie vore i dialog med Bergen, Osterøy og Vaksdal, men etter at Os og Fusa fatta vedtak om å høyre folket i går, har Samnanger kome på banen.
– Ordførar og rådmann har i dag fått henvending frå ordføraren i Samnanger kommune. Dei ønskjer å gå i dialog med Os og Fusa kommune for å eventuelt slutta seg til intensjonsavtalen som vart vedteken i går, fortel rådmann Christian Fotland.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) ønskjer å ha ein dialog med styringsgruppa for kommunereformen før desse forhandlingane eventuelt tek til og har difor innkalla styringsgruppa til eit ekstraordinært møte fredag ettermiddag.