Fotball | 31. mars 2017

Samler inn fotballutstyr til Karanba

Jadakameratene fekk nye drakter. Det blei starten på eit innsamlingsprosjekt kor dei har fått med seg dei andre fotballklubbane i Os.

Samler inn fotballutstyr til Karanba
Os Fotball med Endre Brenne og Hassan El Fakiri stiller seg bak Jadakameratene og Christoffer Kobbeltvedt si innsamling av fotballutstyr (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. mars 2017 09:25

Bildeserie:

Jada har fått nye drakter til alle laga, her er 07-laget, det blei spiren til innsamlingsaksjonen (foto: AH)
Jada har fått nye drakter til alle laga, her er 07-laget, det blei spiren til innsamlingsaksjonen (foto: AH)
Dette kom inn på treninga til Jada-07 torsdag ettermiddag (foto: AH)
Dette kom inn på treninga til Jada-07 torsdag ettermiddag (foto: AH)
1 av 2

Jadakameratene er kanskje ikkje den største fotballklubben i Os, men eit stort hjarte har klubben, som til vanleg held til på grusbanen i sentrum.

– Det heile starta med at vi ikkje hadde drakter til dei yngste spelarane våre etter ei fantastisk rekruttering. Vi fann ut at vi måtte ut i sponsormarknaden og i løpet av fire dagar hadde vi fått inn nok sponsorar til å kjøpe nye drakter og nytt utstyr til heile klubben. For første gang i historia har vi no klubblogoen på draktene våre, fortel Christoffer Kobbeltvedt.

Ville ikkje kasta

Det gav klubben ei ny utfordring. Kva skulle dei gjera med dei "gamle" draktene og det gamle utstyret.

– Å kaste fullt brukbart utstyr hadde vi ikkje lyst på. Som gamal Lyn-gut, kjente eg til den tidlegare Lyn-spissen Tommy Nilsen sitt prosjekt, Karanba, i slummen i Rio de Janeiro. Der hjelper han barn og unge vekk frå gatene i Rio og inn i ein sunnare livsstil med fotballen som verkemiddel, men det viktigaste er den sosiale delen av det kor ungane får ei personleg utvikling, utdanning og moglegheiten til å utfolda seg.

– Eg fekk med meg resten av klubben på at vi i staden for å kasta utstyret skulle gje det til Karanba, og i tillegg starta ein innsamlingsaksjon av meir brukt fotballutstyr, forklarar Kobbeltvedt.

Håper å fylle ein konteiner

Ambisjonane for den lille klubben har vekse seg store.

– Det hårete målet er å klare å samla inn så mykje fotballsko, leggskinn, ballar og anna fotballutstyr at vi kan fylle ein konteiner og senda over til Brasil. Skal vi klara det treng vi all hjelp vi kan få, både frå dei andre klubbane i Os og resten av fotball-familien i Hordaland. Vi har allereie vore i kontakt med NFF Hordaland for å få ut bodskapen.

– Eg tok difor kontakt med dei andre klubbane i bygda, og alle tente umiddelbart på ideen. Eg veit at på Søre Neset er dei allereie godt i gang med innsamlinga.

Kjempeflott initiativ

Ein av dei Kobbeltvedt kontakta var Endre Brenne i Os Fotball.

– Os er den største klubben og har mange fleire medlemmar enn oss, så det var viktig å få dei med også. I tillegg har jo A-lagstrenar Hassan El Fakiri spelt saman med Tommy Nilsen i Lyn, med meg på tribuna på Ullevål, smiler Kobbeltvedt.

– Sjølvsagt vil vi vera med. Dette er eit kjempeflott initiativ og passar 100% med det vi som klubb ønskjer å stå for. Det å kunne hjelpa folk rundt oss til å få det betre er ei viktig oppgåve for oss som klubb, seier Endre Brenne.

Lever i klubbhuset

Brenne vil no senda ut ei oppmoding til alle medlemmane om å finna utstyr dei sjølv ikkje bruker og levera det inn.

– Klubbhuset her på Kuventræ vil vera ope tysdag og torsdag i neste veke frå klokka 1630-1900 for å ta i mot utstyret. Det er berre å komma med det, fortel Brenne.

– Spesielt fotballsko er særleg velkomen. I Noreg speler vi stort sett på kunstgras, så skoa blir ikkje så veldig slitt. I Karanba er ungane heldige om dei i det hele tatt har fotballsko, supplerer Kobbeltvedt.

– Om du er tilslutta ein av dei andre klubbane i bygda og ikkje har moglegheiten til å stikka oppom Kuventræ, så ta kontakt med klubben din og høyr kor de kan levera utstyr.

– Vi har fått lånt eit lokale i den gamle brannstasjonen på Osøyro, så vi frå Jadakameratene kjem rundt til klubbane og hentar det som blir innsamla.

– Håpet er som eg sa tidlegare at vi skal klara å fylle ein konteiner. Klarer vi det, så treng vi nok litt meir hjelp frå næringslivet til å sponsa transporten over til Brasil, så om det er nokon som veit om noko som driv med slikt, eller som har lyst til å bidra, så er det berre å ta kontakt, avsluttar Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.