Kultur | 27. apr. 2013

Samlaren sitt paradis

Bileter: Ulvenmarkedet med over 100 utstillarar laurdag. Ein draum av ein plass for samlarar.

Samlaren sitt paradis
Ein gamal sveivegramofon var å finna på Ulvenmarkedet laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 27. apr. 2013 15:09

Bildeserie:

Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
Ulvenmarkedet 2013 (foto: AH)
1 av 13

Som Gustav Bahus lova fredag kom sola over Ulvenmarkedet laurdag.

– Det blir bra dette, slo Bahus fast då Midtsiden møtte han laurdag formiddag.

– Eg har ikkje det nøyaktige talet enno, men det er nok over 100 utstillarar her allereie.

Antikk av alle variantar

Og ei runde på marknaden viste at det var mykje å velgja i om du er av det nostalgiske slaget, eller liker å pusse opp ting på eigenhand.

– Her finn du alt frå små leikebilar og andre leiker til motordelar og veteranbilar.

– Det du ikkje finn her er ikkje verd å ha, var det ein som meinte.

Traktor med V8-motor

Ein av dei kanskje mest spesielle køyretya som var utstilt var ein Dexta-traktor.

– Du finn ikkje mange av desse.

– Vi har montert inn ein V8-motor, fortalde ein av karane bak ombygginga.

– Kvifor i allverden har de gjort det?

– Vi hadde lyst. Du veit når du har vore gift i 30 år og kona er litt lei deg og du det same må du finna på noko anna.

– No er vi på jakt etter nokre gråtassar vi kan gjera det same med, smilte han medan nysgjerrige motorinteresserte kom bort for å ta ein titt og ein prat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.