Samlar over 60 lokale motorsyklistar
– Målet er at flest mogleg folk møtast, uansett kva MC dei har, eller om dei for tida er utan sykkel, seier initiativtakarane.
«Bjørnafjorden Motorsykkelklubb» kallar dei seg, gruppa som har invitert til Bjørnafjorden Vårmønstring i Vognhallen i Os sentrum førstkomande laurdag.
– Vi er ikkje ein klubb eller organisasjon, men vi har danna ei gruppe for å prøva å skapa eit større fellesskap. Tidlegare var vi 10-12 venar og bekjente som hadde ei chatgruppe på messenger der vi avtalte å køyra saman, men så fann vi ut at vi ville prøva å nå ut til fleire, seier Øystein Grytøyr.
– Alle som har motorsykkel har noko til felles, eit køyretøy som kan nyttast til tur. Men det er som oftast kjekkast å ha nokon å køyra med, nokon å drikka kaffi med når du tar eit stopp. Ved å samlast og bli kjent får alle eit større nettverk.
Betre respons enn venta
Saman med Even Hjertaas, Johan Larsen, Martin Wasmuth og Martin Aarland fann Grytøyr ut at ei mønstring kunne vera ein god plass å starta.
Initiativtakaren såg for seg at dei kanskje kunne bli ein gjeng på rundt 30 motorsyklistar frå Os og nabokommunane.
Til no har «klubben» fått 200 medlemmar. 54 har sagt at dei stiller på laurdag, 10 har sagt at dei kanskje kjem.
– Klarer vi å spreia bodskapen godt så blir det kanskje 100 motorsyklar og motorsyklistar i Vognhallen laurdag. Og til deg som kjem; hugs å ha med ein pose eller noko anna under sykkelen, vi har fått låna plassen på vilkår om at det garantert ikkje ligg oljesøl igjen etter oss.
– Ein møtestad, ikkje ei utstilling
– Vi har fått tilbakemelding frå enkelte som seier motorsykkelen deira er gamal eller ikkje fin nok til å stilla på mønstring, men denne mønstringa i Os handlar like mykje om folk som om motorsykkel.
– Det blir nok mange fine motorsyklar å sjå i Vognhallen på laurdag, og det er kjekt om mønstringa også får publikum. Men mønstringa er først og fremst for at motorsyklistar, og dei som har interesse for MC, skal møtast og bli kjent.
Blir avslutta med cruising i Osbygda
Mønstringa startar klokka 14 og varer i cirka halvannan time.
– Dei som vil kan bli med på ein liten fellestur etterpå.
Turen går gjennom Os sentrum vidare mot Tøsdal, Halhjemsvegen til Lepsøykrysset, over Nore Neset og Ulvensletta, og vidare til Søfteland med siste stopp på Er-An Veikro.
– Vi gler oss veldig til samlinga og håper den dannar grunnlag for eit større motorsykkelmiljø og nye venskap. Mønstringa er tidleg på sesongen, og fører kanskje til at vi kan få ein fellestur til komande mønstringar, som den store i Bergen 1. mai.