Oppdateres nå | 02. jan. 2012

Samlar laget igjen

Søre Neset fotball startar damelag. – No har vi det travelt med å få mange nok til å bli ellevarlag i serien, seier Renate Haugland.

Samlar laget igjen
Lagbilde av Søre Neset-jentene. (Privat arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. jan. 2012 12:09

Det er berre drygt to år sidan Søre Neset sitt jentelag var aktive. 2009-sesongen blei god, 2008-sesongen enda med siger i kretsmeisterskapen i 7-ar.

– Men så var det fleire som flytta vekk for å gå på skule og laget gjekk i oppløysing, fortel Renate, som var ein av spelarane.

Laget besto av spelarar frå 1990- til 1993-kullet. No har lagvenninne Lene Olsen tatt initiativ til å stabla laget på beina igjen.

– Det ser veldig bra ut, eg trur vi er rundt 12 jenter som er med, fortel Renae, som har fått pappa Terje Haugland til å gjera comeback som trenar.

– Men vi har veldig lyst til å bli mange nok til å melda på 11-ar i serien, og det er berre rundt ei veke til vi må melda på laget. Derfor håper vi å lokka mange til første trening, førstkomande torsdag.

– Kva med å spela for Os, som allereie har eit 11-arlag, men fleire gongar har fortalt at dei er på jakt etter fleire spelarar?

– Eg veit ikkje kva nivå dei ligg på, som er så aktive. Dessutan vil vi prøva å samla mest mogleg av den gamle venninnegjengen, så det har førebels ikkje vore snakk om noko anna enn eit eige lag her i heimkrinsen vår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.