Sport | 03. aug. 2016

Samhald til gull

Amalie Evensen og dei tre andre på laget til Hordaland med NM-gull under landsskytterstemnet.

Samhald til gull
Amalie Evensen (i raudt) og dei andre på laget til Hordaland kunne jubla over fire fulle hus og gull under Landsskytterstemnet (privat foto)
Andris Hamreonsdag 03. aug. 2016 16:11

Denne veka går landsskytterstemnet for seg i Målselv. Allereie måndag kunne Os skyttarlag konstantera at dei, i år som i fjor, fekk med seg gull heim i bagasjen etter at rekrutt/juniorane til Hordaland Samlag skaut fire ganger fullt hus og 400 poeng i samlagsskytinga.

– Vi visste at vi stilte eit veldig sterkt lag, men vi hadde opplevd litt formdropp på nokre av dei i forkant, så det er klart vi var spente. Men alle fire leverte så til dei grader, fortel Jan Kristian Evensen, formann i Os skyttarlag.

På laget til Hordaland skaut Sander Nesbø Sælensminde, Kristoffer Tvedt Skråmestø, Amalie Evensen (frå Os) og Anita Bjørkedal.

Sterkt samhald

Evensen fortel om eit sterkt samhald på tvers av skytterlaga i Hordaland.

– Skyting er jo ein individuell sport, men dette viste at det og kan fungera i felleskap. Vi ser det på samhaldet i samlaget som tel alle skytterlaga i Hordaland. Her er foreldre og besteforeldre med og heiar på kryss og tvers av laga, fortel Evensen.

Måtte kvalifisera seg

Dei fire har alle levert gode resultat gjennom sesongen, men måtte likevel kvalifisera seg for å få skyta på laget.

– I tillegg til å ha skote bra tidlegare i sesongen, måtte dei som hadde kvalifisert seg gjennom to uttaksskytingar for å bevise at dei tålte presse. Det gjorde desse fire til gangs.

Hordaland vann med 400 poeng foran Rogaland og Agder som begge hadde 399, men Rogaland hadde fleire inner-tiarar og tok andreplassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.