Samarbeidspartia sitt framlegg til budsjett
Fjellheim, utlånssentral og lysløype til Tøsdal.
I dag er første møte i Bjørnafjorden formannskap, om vi ser vekk frå budsjettkonferansen i starten på november.
Formannskapet har desse medlemmane:
Bjarte Samnøy (KrF)
Espen Aspenes (FrP)
Harald Franz Lekven (uavhengig)
Laila Marie Reiertsen (FrP)
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H)
Mikal Leigland (Sp)
Terje Søviknes (Frp)
Tina Bøe Buer (MDG)
Trine Lindborg (Ap)
På sakskartet står blant anna KLEM-planen (klima og miljø), beredskap, busetting av flyktningar, politivedtekter - og budsjett.
• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.
Høgre, Frp, samarbeidskoalisjonen (Ap, Sp, MDG og KrF) la fram sine budsjettforslag. SV, som er forplikta til å stemma for koalisjonen sitt forslag om/når deira eige fell, kjem med sitt forslag innan 3. desember, slik at det kan ligga 14 dagar til offentleg ettersyn før endeleg behandling i Bjørnafjorden kommunestyre tysdag 17. desember.
Felles for alle er at dei, der det ikkje er nemnt noko anna, støttar rådmannen sitt framleg til budsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023. Vi kjem tilbake med spørsmål og svar til framlegget i eiga sak.
Under følgjer samarbeidskoalisjonen Ap, Sp, MDG og KrF sitt framlegg til budsjett.
Budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023
Kommunestyret vedtar kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2020 –2023 i 19 punkt med følgande endringar:
I kommunestyreperioden 2019-2023 skal vi byggja og drifta Bjørnafjorden kommune. I denne prosessen er det viktig med god styring som sikrar demokratiet og stabil økonomi. Samarbeidspartia vil skapa ein ny kommune som er rusta til å møta utfordringane i tenestetilbodet til innbyggjarane og næringslivet.
Det vert avgjerande med klok økonomistyring for å betra det økonomiske handlingsrommet – slik at vi kan prioritera riktig og oppnå måla våre om å levera gode og rette tenester til innbyggjarane.
Kommunedirektøren har lagt fram eit godt, gjennomarbeida og ansvarleg budsjett for 2020,- som på mange områder stør opp om vår felles politikk. Vi har i stor grad vald å bruka kommunedirektøren sitt budsjettframlegg både til investering og driftsramme i vårt budsjett, med nokre justeringar og endringar. Samarbeidspartia stør opp under kommunedirektøren sitt viktige og naudsynte arbeid med Bjørnafjorden 22. Vi ønskjer rapportering på prosjektet på same vis som for kommunereforma med fast punkt på sakslista til formannskap- og kommunestyremøta.
Noko av det viktigaste vi kan gjera for å styrka kommuneøkonomien er å gjera Bjørnafjorden meir attraktiv – både for menneske og verksemder. Vi kjem til å føra ein aktiv og tydeleg næringspolitikk for å skapa fleire arbeidsplassar i heile kommunen. For å oppnå dette må ein setja fokus og ressursar på planarbeid og samfunnsutvikling i heile kommunen. Bjørnafjorden skal vera ein inkluderande, grøn og endringsvillig kommune der det skal vera trygt og godt å bu for alle.
Samarbeidspartia skal føra ein langsiktig og ansvarleg økonomisk politikk. Vi skal ta styring og gjera klare prioriteringar. Vi er uroa for den økonomiske situasjonen vi som ny kommune går inn i.
Lånegjelda er høg og inntektene frå staten går ned. Vi har i budsjettframlegget søkt å bruka pengane klokt.
Vi ønsker å redusera bruken av eksterne konsulentar og bemanningsbyrå til fordel for tenester i eigen regi. Det kjem eit pilotprosjekt med ein kommunal bemanningssentral med faste vikarar, først innan helse og omsorg. Vi skal jobba for å redusera sjukefråveret gjennom målretta tiltak og auka merksemd på arbeidsoppgåver og belasting. Samarbeid med og tillit til dei tilsette og deira organisasjonar er avgjerande for å nå dette målet.
Auka digitalisering og kloke endringar i arbeidsprosessar blir viktige tiltak for å få gjennomført ein ansvarleg økonomisk politikk.
Auka skattegrunnlag blir også avgjerande for å auka det økonomiske handlingsrommet i den nye kommunen. På same vis vil auka merksemd og kunnskap om innkjøp og kontraktsoppfølging gje gevinst når vi no blir ein kommune. Vi skal jobba målretta for å stimulera til næringsutvikling og etablering av arbeidsplassar. Vi kjem til å ta aktive grep i samarbeid med NAV og næringslivet slik at fleire bjørnafjordingar kjem seg ut i jobb, spesielt unge mellom 18-30 år.
Investering
Sjå tabell under hovudbildet øvst.
Baldersheim helsetun - oppgradering
For å sikra viktig framdrift i prosjektet er midlane framskunda til 2020.
Liv i Bjørnafjorden
Dei to prosjekta Liv på Øyro og Miljøgate Eikelandsosen blir fjerna frå budsjettet, men erstatta av eit nytt prosjekt med nytt mandat og ny politisk samansetjing. Det nye prosjektet får namn Liv i Bjørnafjorden. Det har vore svært viktig å ha tett politisk oppfølging av korleis vi skal få best mogleg utvikling i regionssenteret, og det vil det vera vidare. Budsjettet har framskunda investeringsmidlar til 2020 for å få kontinuitet i viktig arbeid som er undervegs, og det er sett av meir midlar til prosjektering og samfunnsplanlegging.
Det skal bli endå betre å driva næring i kommunen. Det skal vera interessant å tilbringa tid i sentrumsområda uansett kva ærend ein har, og det skal framleis vera eit mål å få fleire barn og barnefamiliar til sentrum. Dersom kommunen går inn for å delta i byvekstavtalen til Bergen og omeignskommunane er det særs viktig å sjå dette i samanheng.
Samtidig som vidare utvikling av regionssenteret er viktig må vi hugse på at vi har andre senter som er viktige for kvardagslivet i kommunen. Alle bygdesentra må få merksemd og utvikling for å vidare sikra gode kvaliteter. Det nye prosjektet skal ha eit adhocutval med tydeleg mandat om å legga til rette for gode liv og utvikling i alle krinsar. Her kan ein til dømes sjå føre seg betre samarbeid med samarbeidsutval (SU), bygdeutval og idrettslag eller andre frivillige organisasjonar ute i krinsane. Det er samtidig viktig å ha god dialog med næringsaktørar, grunneigarar og utbyggarar, og kommunen skal sikra spleiselag der det er relevant.
Jettegryto barnehage
Jettegryto barnehage var i 1994 bygget som 3 avdelingsbarnehage med plass til 54 barn. Barnehagen er dag lite hensiktsmessig for moderne barnehagedrift og er svært slitt. Planlagt ombygging/påbygging skal gje plass til 2 småbarnsavdelinger a 12 barn og 2 avdelinger for store barn a 24 barn. Totalt skal barnehagen ha plass til 72 barn(ikkje plasser).
Ombygginga er så omfattende at kommunen bør vurdera om nybygg er betre både planmessig og økonomisk.
Prosjektering utbyggingsområder
Det er viktig å ha kontinuitet i samfunnsutvikling, spesielt det som går på regulering og planlegging, sjølv om budsjettsituasjonen er utfordrande. Kompetanse på samfunnsutvikling er viktig i den nye kommunen som har ambisiøse planer i mange retningar, så difor blir denne posten styrka. Dette arbeidet er viktig å sjå i samanheng med næringsutvikling, prosjekt Liv i Bjørnafjorden og andre prosjekt.
Parkeringsanlegg
Det vart i Os kommunestyre vedteke at parkering i fjell skulle bli regulert, men det har ikkje blitt gjennomført. Prosjektet får høg prioritet for å sikra framtidig parkering og sentrumsutvikling.
Det må sjåast i samanheng med heile sentrumsutviklinga slik at ein ikkje berre ser på kundar til sentrum, men får knytt saman ein framtidig kollektivterminal med pendlarparkering, tilknytting til hamna og miljøvenleg hurtigbåtar i Bjørnafjordbassenget, og nytte for hotelltomta og Oseana.
Digitalisering og oppgradering av IKT infrastruktur
Det er viktig at alle tenesteområdene arbeider med digitalisering i sine eigne budsjettrammer og utviklingsprosessar, dette er ikkje noko ein sentral IKT-teneste kan løyse åleine. Samtidig er det viktig at IKT har ressursar til å stø desse prosessane.
Frå politisk nivå er det viktig at ein følger opp tilrådingar frå fellesnemnda om at kommunedirektøren finn gode måtar å rapportere jamleg på digital framdrift og gevinst i alle sektorar. Vi har forventning om betre kvalitet på tenestene, lettare tilgjengelege tenestar, meiropen kommune og økonomisk vinst på driftsrekneskapen.
Rullande materiell
Mange kommunar rapporterer store innsparingar ved å nytta elektriske køyretøy. Bjørnafjorden kommunen skal velja elektriske køyretøy dersom det er praktisk mogleg for å løyse dei relevante oppgåvene.
Ikkje gjennomførte prosjekt Fusa
Det blir sett av pengar til å sikra gjennomføring av vedtekne, men forseinka prosjekt frå Fusa kommune.
Lyseparken
I desse dagar blir ny områdeplan for Lyseparken ferdigstilt, og vi går viktige år i møte i denne økonomiplanperioden. Det er svært viktig å følge vedteken strategi og sikra framdrift. Her ligg grunnlaget for å skapa mange grøne, framtidsretta arbeidsplassar for kommunen i framtida.
Drift
sjå tabell nr 2 under bildet øvst.
Fellesområde
Formannskapets disposisjonsfond
Det er viktig at formannskapet framleis har høve til å gjera tiltak utanom den årlege budsjettprossessen. Formannskapa har disponert store midlar som har blitt tildelt til dømes festivalar og kunstgrasbanar, men som bør sjåast i samanheng med kommunebudsjettet og ny kommunedelplan for kultur og ny kommunedelplan for idrett.
Det politiske fleirtalet legg ansvar for idrett, kunst og kultur til tenesteutvalet. Det betyr at det utvalet får ansvar for utvikling av dei relevante kommunedelplanene, og tildelingsansvar for slike tilskot som er endeleg vedtekne i budsjettet, til dømes KUP-ordninga.
Politisk kultur og samarbeid
Den nye kommunen må bygge ein konstruktiv politisk kultur. Det skal sikrast gjennom folkevaldopplæring og arbeid i kvart politiske utval. Prosjektet med namn “Betre Saman” utgår, men midlane består til å sikra godt og rett samarbeid mellom administrativ og folkevald nivå.
Kyrkja
Ansvarleg for vedlikehold og graving på gravplassene i Fusa avslutter sitt kontraktsforhold til nyttår.
Fusa sokn ønsker å tilsetje ein person til dette arbeidet, og midlar blir sett av i budsjettet. Fusa Sokn blir tilført midler til investering av maskiner og utstyr.
Stab
Næring
Vi har mange gode arbeidsplassar. Vidare arbeid med næringsutvikling er svært viktig i tida framover. Gründerparken har allereie gjeve gode resultat i utvikling av ny næring, og det miljøet skal vi satsa vidare på. I tillegg skal næringsavdelinga sjå på om ein kan tilby kontorfellesskap til pendlarar som kan ta ein dag eller to i heimkommunen. I tillegg blir det sett av pengar for å sjå om det er mogleg å etablera Makerspace (“moderne sløyd” med laserkuttar, 3D-print og liknande) i kommunen. Dette kan potensielt gje stor meirverdi for både gründerar, for ungdom i skulen, ungdom som har falt utanfor, for kulturskulen og andre.
Samtidig som ein satsar på ny næring er det viktig å ikkje gløyme alle dei gode næringsaktørane som allereie driv godt i kommunen. Næringsavdelinga skal fortsetje sitt gode arbeid og sjå korleis næringsutvikling i regionen kan gjerast i samarbeid med andre kommunar. Stønad til næringsrådet sitt arbeid blir vidareført i perioden.
Regional næringsutvikling gjev viktige samarbeid, og Visit Bjørnafjorden er eit av prosjekta med godt potensiale som bør vidareførast utan opphald. Vi vil støtte Bjørnafjorden matkultur, det er eit godt prosjektet med høg samfunnsmessig verdi.
Oppvekst
For 2020 aukar vi rammene til oppvekst med 2,5 millionar. Vi ønskjer å oppfylla lærarnorma, men ser at det blir utfordrande i 2020. Det auka rammetilskotet kan nyttast til fleira lærarar, til psykisk helse eller til styrking av meistringsteamet.
Eit godt fysisk skulemiljø er viktig for å gje elevane våre ein god skuledag. Vi vil halda fram med oppgradering av uteområder, slik at dei blir gode arenaer for læring, for fysisk aktivitet og leik, både i skule- og sfo-dagen, og for lokalmiljøet på kveldstid og i helger.
Det har vore prøveprosjekt med skulefrukost på ungdomsskulen i Fusa. Denne ordninga skal evaluerast og tenesteutvalet får i oppgåve å sjå på om det er mogleg å vidareutvikla dette i kommunen.
Når regjeringa er klar med ordning om fritidskort skal det løftast ei sak politisk for å sjå om Bjørnafjorden kommune kan søka raskt.
Helse og velferd
Store delar av dette området fell inn under SIO-prosjektet, og dei tilhøyrande økonomiske disponeringane for dette er derfor ikkje med i budsjettet. Samarbeidspartia vil likevel påpeika viktigheita av at helsepersonell i størst mogeleg grad får jobba med faget sitt, og at dei blir avlasta for arbeidsoppgåver som kan løysast av andre yrkesgrupper.
Mat og ernæring
For å fremja god helse og livskvalitet for eldre må vi satsa på god og rett ernæring. På omsorgsentra må organisering og bemanning rundt måltid og aktivitetar betrast, gjerne ved å nytta fleire faggrupper på sjukeheimane våre. Vi må også kunna nytta kvalifisering og arbeidstrening i samråd med NAV og flyktningetenesta og dei vidaregåande skulane. Samarbeidspartia vil snarast råd få starta eit tverrfagleg arbeid med utgreiing av kjøken på Luranetunet slik at ein kan søkja statleg delfinansiering.
Ein må også sjå kva behov ein totalt har, og vil kunna få i Bjørnafjorden kommune, med levering av mat til heimebuande. Denne gruppa av tenestemottakare vil berre auka i åra som kjem, og vi som kommune må vera framtidsretta og planleggja for mange nye brukargrupper.
Utvalet skal ha sitt utspring frå Tenesteutvalet.
Legevakt og fastlegeordninga
Samarbeidspartia ser det som positivt at det vert inngått avtale om fastlønsordning ved legevakta.
Det skal vera legevakt i Os og i Eikelandsosen. Nasjonalt er rekruttering av fastlegar ei stadig aukande utfordring. For å motverke dette ser samarbeidspartia det som ønskjeleg at fleire fastlegar blir tilsett i kommunen.
Barneverntenesta
Barnevernet har rapportert om behov for tilgang på miljøterapeutisk bistand inn i heimen knytt opp mot å avverge hasteflyttingar i dei sakene som omhandlar vald mot barn. Vi set av 600.000 kroner til stilling som miljøterapeut i barnevernet.
Barnefattigdom
For samarbeidspartia er kampen mot barnefattigdom ei prioritert oppgåve. Talet på barn som veks opp i fattigdom har auka dei seinare åra, også i vår kommune. Samarbeidspartia meiner at barnetrygd ikkje skal føra til avkorting av sosialstønad.
Samarbeidspartia meiner det er usolidarisk at satsane for sosialstønad i Bjørnafjorden ligg eitt år bak satsane som Staten tilrår. Vi vil derfor heva satsane for sosialstønad opp til statleg norm. Totalt set vi av 1.000.000 kroner for å auka satsane og for å halda barnetrygd utanom berekning av sosialstønad.
Sosial bustadpolitikk
Bustad er eit grunnleggjande velferdsgode, og målet er at alle skal kunna bu trygt og godt i Bjørnafjorden kommune. Samarbeidspartia ber kommunedirektøren utarbeida ein bustadsosial handlingsplan. Planen bør ta for seg framtidig behov for forskjellige typer kommunale bustadar utvikla i samråd med Husbanken sine ordningar. Vi ber også om at det blir utgreidd eit konsept for «leige til eige» for å hjelpe ungdom og andre inn på bustadmarknaden.
Det er viktig at kommunen har eit differansiert butilbod som møter den enkelte person og familie sine behov, uavhengig av årsak. Samarbeidspartia ser det som naturleg at Tenesteutvalet skal følgja opp den bustadsosiale handlingsplanen.
Den sosiale bustadpolitikken er òg ein viktig del av kampen mot barnefattigdom og å sikra ein trygg og god oppvekst for alle. Vi ber derfor om at ein plan for innvendig vedlikehald og oppgradering av kommunale utleigebustadar blir innarbeidd i planen for vedlikehald av den kommunale bygningsmassen.
Utlånssentral
Samarbeidspartia set av 100.000 kroner for etablering av utlånssentral for sport og fritidsutstyr i Bjørnafjorden kommune. Ein slik sentral vil på sikt kunna utvidast med verktøy, musikkinstrument og liknande. Dette er eit viktig tiltak for betre folkehelse, meir gjenbruk og like moglegheiter for alle.
Varig tilrettelagde arbeidsplassar
ASVO Fusa og Os ASVO tilbyr varig tilrettelagt arbeid (VTA) til personar som ikkje får innpass i det ordinære arbeidslivet. Os kommune har ikkje finansiert bonusløn til dei 5 kommunale VTA-plassane og vi set derfor av 250.000 kroner for å rette opp i denne skeivdelinga.
For samarbeidspartia er det viktig at Bjørnafjorden kommune skal ta samfunnsansvar og tilby tilrettelagte arbeidsplassar til fleire.
Samfunnsutvikling
Samarbeidspartia ønskjer at Bjørnafjorden kommune skal vera ein føregangskommune i god kommunal planlegging. Dette skal munne ut i gjennomførte og gode utviklingsprosjekter i heile kommunen. Med dette meiner samarbeidspartia at Bjørnafjorden kommune vert ein attraktiv kommune for næringsdrivande og innbyggjarane gjennom tilrettelagte nærings- og bustadareal, tilstrekkeleg infrastruktur, effektiv og trygg forvaltning.
Ein god planstrategi skal vera eit verktøy og hjelpemiddel til å vurdera kva planoppgåver kommunen må prioritera. Vi ser det er eit stort behov for å sluttføre fleire planer som ikkje er ferdigstilt i førre valperiode. Dette er krevjande, og krev kontinuitet i kunnskap og kompetanse på området. Samtidig er det trong for å starta opp nye planer i Bjørnafjorden kommune. Manglande resursar i planarbeid, ser vi har vert krevjande.
Av denne grunn set vi inn auka resursar på planavdelinga i Bjørnafjorden kommune. Vi meiner vi nyttar dei økonomiske midlande betre ved å tilsette 2 faste stillingar i kommunen, enn overdriven og kostbar bruk av konsulentar i planarbeidet. Vi justerer derfor ned bestillingar og bruken av konsulent og konsulenttjenester.
Det politiske fleirtalet ber kommunedirektøren om ei utgreiing av miljøvenleg hurtigbåtruter mellom bygdene i Bjørnafjorden. Ein må inkludera vurderingar om samarbeid med fylkeskommunen, nabokommunane og rutelag som driftar eksisterande ruter, samt god korrespondanse med anna kollektivtransport.
Trafikksikker kommune
Vi har satt av 3 millionar kronar kvart år i investeringsbudsjettet for Bjørnafjorden kommune på målretta trafikksikringstiltak for perioden 2020 til 2024. Samarbeidspartia vil auka merksemda på systematisk trafikksikring. Snuplass Søre Fusa oppvekstsenter blir prioritert.
Førebyggjande arbeid i kommunen, saman med andre aktørar, meiner vi vil gje kommunen eit tryggare lokalsamfunn, eit godt omdøme, færre skadar og nøgde innbyggjarar.
Bjørnafjorden kommune skal i 2020 arbeida for å bli ein godkjent Trafikksikker kommune.
Folkehelsetiltak lysløype/turveg
I Os kommune vart det i 2019 sett av pengar til Lysløype mellom Lyngheim og Solstrand. Denne må ferdigstillast og det blir sett at midlar til lysløype-prosjekt i Osmarka (Nordmarka - Tøsdal). Slikefolkehelsetiltak vil vera ei prioritert oppgåve i åra framover.
Avgift/gebyr
Tilknytingsgebyr
Vatn, tilknyting næringsbygg inkl. landbruk pr. m 2 blir endra til kr 50,-
Avlaup, tilknyting næringsbygg inkl. landbruk pr. m 2 blir endra til kr 90,-
Desse to endringane blir utført for å sikra at ikkje nye store næringsbygg får urimeleg tilknyttingskostnad.
Stipulert forbruksgebyr
For å stimulera til auka bruk av vassmålar blir faktor for stipulert forbruk fastsett til 1,3 pr. m2. Det betyr at målt forbruksgebyr for vatn blir justert noko ned og stipulert forbruksgebyr blir justert noko opp.
Vigsel
Vigsel for dei som ikkje har folkeregisteradresse i Bjørnafjorden blir kr. 1500,- også når det gjeld vigsel innanfor normal kontortid.
Oseana
I budsjettet til Oseana ligg det inne 3% vekst i kommunale overføringar. I eit spesielt ufordrande år som 2020 er det diverre ikkje rom til dette. Difor vert kommunale overføringar til Oseana redusert med 175.000. Oseana må finna meir inntekter via kommersiell aktivitet eller sponsorar.
Fjellheim
Kommunestyret trekk Fjellheim frå marknaden. Oseana får i 2020 i oppgåve å gå vidare med sin mogleganalyse og arbeida for å få realisert investeringsmidlar til å nytta Fjellheim som kulturarena i framtida. Det er i studien vist til mange gode måtar ein kan utvida tilbodet, og det kan vera mogleg å finna finansiering til endå fleire aktiviteter til dømes makerspace eller eit betre kommunaltvigselstilbod. Det er også dokumentert at Oseana i eiga regi treng ei ekstra scene (blackbox).
Os idrettspark
Ved eit eventuelt skifte av tak på Os idrettspark skal det investerast i solenergianlegg. Det er eit kommunalt bygg, og ein skal alltid vurdera å nytta nye, fornybare energiformer ved kommunale bygg (jamfør KLEM-plan).