Saknar utstyr etter øving
Høg aktivitet utanfor Øyane og Strøno i kveld.
Redningsskøyta Bjarne Kyrjebø og Kystvakten med KV Bergen har vore i fjorden i kveld.
Dei siste timane har aktiviteten vore høg utanfor Øyane og Strøno, og Midtsiden-redaksjonen har fått spørsmål om kvifor.
Redningsselskapet og Kystvakten har drive med øving, men fekk så eit reelt oppdrag med søk etter eige utstyr.
– I samband med øvinga så saknar vi to markeringsdukker, fortel Hovedredningssentralen.
Både Bjarne Kyrkjebø og KV Bergen er no på veg nordover. Dei var utanfor Trollsøya på Austevoll-sida av fjorden då dei mista dukkene.
– Dei er ikledd oransje kjeledressar merkte med «KV Bergen». Kontakt gjerne Hovedredningssentralen eller politiet om du finn dei, er oppmodinga.
KV Bergen var lengre inne i fjorden i dag, noko som ikkje hadde samband med cruiseskipet som blei slept rundt i Bjørnafjorden.