Saknar du sykkelen din?
Politiet har fått inn ein Merida keystone herresykkel som dei trur er stolen. I tillegg måtte dei ta seg av ein litt for full kar i natt.
Politiet fekk fredag ettermiddag inn ein Merida Keystone sykkel.
– Finnaren leverte den til oss.
– Vi trur den kan vera stolen, så om det er nokon som saknar ein blå/sølvgrå Merida Keystone sykkel er det berre å ta kontakt med oss, seier politibetjent Bye ved Os lensmannskontor.
Var litt for full
Natt til laurdag måtte politiet ta hand om ein litt for full kar.
– Vi måtte ta kontroll over ein kar som hadde drukket litt for mykje.
– Kontakt med familien blei oppretta, så dei kom og tok videre hand om han, fortel Bye.
Politiet har òg fått fleire meldingar om storfe i vegen i Hegglandsdalen i 19-20-tida fredag kveld.