Sa nei til servicelinje no
Politikarane utset eldrerådet sitt ønskje om servicelinje i Os til budsjettprosessen. – Vi bør òg få ei behovsanalyse, meiner varaordførar Marie E. Lunde Bruarøy (H)
Eldrerådet spelte i februar inn til politikarane i Os kommune eit ønskje om servicelinje frå Lurantunet om sentrum og varåsen til Flåten.
Onsdag fekk formannskapet saka til handsaming med ei innstilling frå rådmannen på at dei burde sjå på saka i samband med budsjetthandsaminga i november. Kostnaden for kommunen vil vera på 2 970 kroner per dag linja køyrer. Bilettprisen for passasjerane skulle vera 15 kroner per tur, med moglegheiten for rabatt ved kjøp av fleire turar.
Eldrerådet hadde i sitt vedtak foreslått at linja skulle køyrast tysdag og torsdag.
– Eg saknar ei behovsanalyse i saka. Kor mange er det som ønskjer og treng tilbodet, undra varaordførar Marie E. Lunde Bruarøy.
– Det er snakk om mykje pengar i løpet av eit år, så eg ber administrasjonen om å gå til eldrerådet for å få utarbeidd ei slik analyse.
Må settast opp mot andre tiltak
Bruarøy fekk støtte frå Kristin Haukeland (Ap).
– Det er vel fleire av dei eldre som nyttar TT-kort, så ei behovsanalyse er på sin plass, meinte ho.
– Vi må òg vurdera dette tiltaket opp mot andre tiltak til eldre for å sjå kor vi får mest att for pengane, poengterte Espen Aspenes (Frp).
Eit samrøystes formannskap gjekk etter den korte debatten inn for rådmannen si innstill om å ta saka opp att i samband med budsjetthandsaminga.