Så nær var Oliver!
To osingar var på graset på Stadion i går. Éin av dei fekk vist seg fram.
Søndag blei Tippeligaen avslutta. Rosenborg slo Lillestrøm 3-0, men serieleiar Strømsgodset gjorde også jobben sin og vann 4-0 over Haugesund og stakk av med seriegullet.
På Brann Stadion hadde Trømsø mykje å kjempa om, men 1-1-utlikninga på straffe var det nærmaste dei kom Tippeliga-kontrakt i 2014.
Brann vann 4-1, siste skåring blei historisk då Håkon Lorentzen (16), som blei bytta innpå i 86. minutt, blei tidenes yngste målskårar i Tippeligaen.
Simen på benken – Oliver nær nettkjenning
På graset i går var det to osingar, Simen Helland Lassen (19) for å varma opp, Oliver Mathias Hope Rasmussen (8) for å skåra mål.
Simen var i A-troppen for andre gong, men fekk ikkje debuten sin i år.
Oliver hadde meldt si interesse for å vera blant dei fire som i pausen fekk lov til å prøva å skåra på eit dukkemål.
Før kampen hadde Brann.no invitert frivillige til å melda seg, og Oliver var yngstemann som fekk skyta 25 meter mot dukkemålet.
– Oliver speler for Nore Neset sitt gutelag og er ofte på Stadion med onkelen, som også er trenaren hans, fortel mamma Abby Helene Hope.
Best, men ikkje i mål
Laurdag var han på banen på Nore Neset for å øva. På det beste gjekk ballen i mål på 3 av 4 forsøk.
– Men 25 meter er veldig langt, det var inga enkel oppgåve dei fekk.
Oliver var først ute og hausta jubel då ballen såg ut til å gå rett i mål. I staden gjekk den rett utanfor.
Om han hadde truffe ville han ha vunne 4000 kroner, ved bom gjekk pengane til eit idrettslag i Hordaland, eit stunt sponsa av Hansa Borg Bryggerier.
– Han synest det var stor stas og var veldig nøgd då han kom opp igjen på tribunen, seier Abby, som var med sonen på Stadion i går.
Oliver kan trøysta seg med at han var både yngst og best av dei fire skyttarane i går. Dei to vaksne på 20 og 33 år skaut langt utforbi.