Sa ja til P-oppstart
Plan- og bygningsutvalet gav tommel opp til å starta detaljregulering av parkeringsanlegg på Øyro.
Kommunen har lenge jobba med planar om parkeringsanlegg på Osøyro. No er planane om å byggje det oppå dagens kollektivterminal forkasta. I staden ser ein på Statoil-tomta og moglegheiten for å utvida det til fjellet under Mobergshaugane.
– Siktemålet med planen er å bidra til å løyse parkeringssituasjonen på Osøyro. Parkeringsanlegget er planlagt som eit bygg med tre etasjer, med næring, handel og bustad i øverste etasje. Planen vil gi høve til ei trinnvis utbygging. Reguleringsplanen tar sikte på å sikre fleksibilitet i bygget slik at delar av parkeringsarealet på sikt kan utvikles til næringsareal. Reguleringsplanen må òg ta høgde for at parkering på sikt kan flyttast inn i fjellet.
– Areal for eksisterende bussterminal er inkludert i planarbeidet. Osøyro skal fortsatt vere eit kollektivknutepunkt. Men kollektivterminalen kan eventuelt flyttast eller byggast over med eit bygget som kan romme ulike sentrumsfunksjoner, heiter det i saksutgreiinga.
Ser til Arendal
Eit samrøystes plan- og bygningsutval gav klarsignal til oppstart av detaljreguleringa.
– Dette går vi fullt inn for. Det er veldig viktig å få satt i gang så snart som råd er no når det blir investert så mykje som det blir på Osøyro. Då må vi få orden på parkeringa. Vi må sørgje for at ikkje parkeringshuset sperrer for ei seinare tilgang til fjellet bak for utviding av anlegget. Bør vi ha det med som eit kulepunkt, undra Harald Døsen (Ap).
Det meinte Gustav Bahus (FrP) ikkje var naudsynt.
– For meg er setninga som står i saksutgreiinga god nok. Bakgrunnen for det er studieturen vi var på til Arendal, kor dei hadde byrja med parkeringshus i dagen for så å ha gått inn i fjellet i ettertid. Måten dei hadde gjort det på var at dei gjorde seg ferdige inne i fjellet før dei slo seg ut i parkeringshuset og kobla dei saman, forklarte Bahus.