Så blei det natt
Fredag kveld er det beksvart på toppen av Borgafjellet. – Vi er nøgd med desember, seier Leif Ragnar Tveit.
Før jul hadde Os Kulturutvikling, ved hjelp av sponsorar, investert 40.000 kroner i tre nye lyslenkjer til masta på Borgafjellet.
– Dei fungerte veldig godt, også i vind. Hadde det vore dei gamle lenkjene så hadde vi nok måtta skifta 300 pærer denne desembermånaden, trur Leif Ragnar Tveit.
Men dei tre lenkjene, kvar med 150 pærer, heldt seg godt gjennom jula.
– I tillegg var straumforbruket lågt. Dei førre pærene var på 7,5 Watt, dei nye er på 1,2.
– Det totale forbruket var på usle 168 kWh.
Svikta grunna fukt
– Men rundt nyttårsaftan fekk vi problem, og to gongar dei dagane var det folk oppe og fekk tent lysa igjen.
Fleire dagar var det berre lys i to lenkjer, nokre dagar berre i éi.
– Før dei kom heim igjen var dessverre lysa gått. Årsaka er truleg fukt, vi får sjå om vi får gjort noko med det før neste jul.
Høgt i toppen ... ingenting
I dag blei alle lenkjene tatt ned for denne gong.
I tillegg rauk lyset i toppen av masta i god tid før jul, så no er det heilt mørkt.
– Det er Telenor si mast og deira lys. Systemet er ikkje kopla saman med lenkjene våre på nokon måte, seier Tveit.
No står det att å sjå kor lang tid det går før det kjem lys i toppen av masta, eit lys det er krav om.