Kultur | 17. okt. 2015

Rytmiske stunt på Skeie

Bildeserie: Nore Neset Dagane er i gang.

Rytmiske stunt på Skeie
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. okt. 2015 16:07

Bildeserie:

OTC med cheerleading. (Foto: KVB)
OTC med cheerleading. (Foto: KVB)
Trond Aarvoll. (Foto: KVB)
Trond Aarvoll. (Foto: KVB)
Simen Soltvedt med ein serie sjølvportrett; mannen som er redd vatn (Foto: KVB)
Simen Soltvedt med ein serie sjølvportrett; mannen som er redd vatn (Foto: KVB)
Tore Solvang er blant dei nyare medlemmane i klubben. (Foto: KVB)
Tore Solvang er blant dei nyare medlemmane i klubben. (Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
Os Skyttarlag på plass, Adrian og Kyrre testa laserskyting. (Foto: KVB)
Os Skyttarlag på plass, Adrian og Kyrre testa laserskyting. (Foto: KVB)
Nymark og Fana gjesta cupen. (Foto: KVB)
Nymark og Fana gjesta cupen. (Foto: KVB)
Jostein, Abelone, Alette, Thomas og Benjamin. (Foto: KVB)
Jostein, Abelone, Alette, Thomas og Benjamin. (Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
Morosam tryllekunstnar. (Foto: KVB)
Morosam tryllekunstnar. (Foto: KVB)
Marius Moe (t.h.) fekk triksa med Sondre Aksnes. (Foto: KVB)
Marius Moe (t.h.) fekk triksa med Sondre Aksnes. (Foto: KVB)
Even, Kjetil og Hans Marius - sånn skal det gjerast! (Foto: KVB)
Even, Kjetil og Hans Marius - sånn skal det gjerast! (Foto: KVB)
Arild og Johan ville prøva. (Foto: KVB)
Arild og Johan ville prøva. (Foto: KVB)
Henry og Andreas fekk akkompagnement. (Foto: KVB)
Henry og Andreas fekk akkompagnement. (Foto: KVB)
Open scene. (Foto: KVB)
Open scene. (Foto: KVB)
1 av 15

Laurdag og søndag er det tett med aktivitetar og underhaldning i og utanfor Nore Neset Aktivitetshus.

I hallen er det rigga ein stor kafé, omringa av fotoklubb, idrettslag, korps og andre lag som stiller ut kva dei har å tilby.

– Då eg meldte meg inn i Os Fotoklubb var denne typen utstilling det eg håpa på å få til, seier Anne Røberg, arrangør og hobbyfotograf.

Blant dei lokale utstillarane er Tore Solvang, Bjarte Løvaas Haugland, Trond Aarvoll og Simen Soltvedt.

– Friluftsinteressa kom først, via speidaren, men dei siste åra har eg avansert frå eingongskamera via kompaktkamera til speilrefleks. Kameraet er alltid med, seier Solvang.

Ivrige rockarar

Ved kafeen er det òg ein scene, der vi i dag fekk sjå cheerleading, dans, song og luftgitar.

Med halsbrekkande stunt opna cheerleaderane showet. Tag The Floors følgte opp med kul dans og akrobatikk.

Os Rockeklubb styrer lyden og inviterte til osmeisterskap i luftinstrument.Det var ikkje meir enn fire-fem ungar som våga seg på scenen, trass i svært innlevelsrik demonstrasjon av dei vaksne i rockeklubben, Kjetil Osablod Grønvigh, Even Hjertaas og Hans Marius Johnsen.

Cup og radiostyrte bilar

Utandørs er det hoppeslott, fotballcup for jenter på veg inn i 9-arfotball og test av radiostyrt bil på BOMBK sin bane.

– Vi har allereie fått fleire medlemmar og det har vore ein del innom og testa, seier Jostein Helland.

Nore Neset Dagane held fram i morgon, blant anna med trimløp til Liafjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.