Lokal | 29. nov. 2020

Rykte ut på to privatfestar

– Det var nok fleire enn fem på begge festane.

Rykte ut på to privatfestar
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. nov. 2020 09:24

Politiet i Os har hatt lite å reagera på når det kjem til kombinasjonen fest og smittevern denne hausten, men laurdag kveld og natt til søndag blei det utrykking til to festar.

Klokka 21.50 gjekk turen til Søfteland.

– Dei var nok fleire enn fem, men festdeltakarane spreidde seg då patruljen kom fram, så det blei ikkje grunnlag for å laga sak om brot på smittevernforskrifta, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Nokre av festdeltakarane er under 18 år. Foreldra blei kontakta.

I 00.30-tida reiste patruljen ut på eit liknande oppdrag på ei adresse aust for Os sentrum.

– Her var det òg over fem deltakarar, men nokre av festdeltakarane var utandørs, så det blei ikkje noko smittevernreaksjon.

– Festdeltakarane var frå 17 til 30 år gamle, og foreldra til vedkomande under 18 blei kontakta. Feststøyen dempa seg òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.