Rykte ut på jordbrann
Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut på tørrkoking i Gymnasvegen og jordbrann i Industrivegen.
Tysdag i 17-tida blei ein alarm med automatisk varslar til brannvesenet løyst ut i Gymnasvegen.
– Det var ganske svidd då vi kom fram, men naboar hadde heldigvis kome raskt til og sløkt, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Rett etterpå kom meldinga om brann mellom E39 og Industrivegen.
– Eit bål hadde spreidd seg til noko jord. Det var ikkje opne flammar, men brann nede i myrjorda.
– Når det er nordavind så kan jorda fort bli tørr, og då kan det altså ta fyr i jorda.
Det var ikkje fare med jordbrannen, men den kunne spreia seg, så brannvesenet gav bålbrennar beskjed om å dynka jorda med vatn og ringa om dei ikkje fekk sløkt det skikkeleg.