Ryddig russ stilte sterkt
BILDESERIE: Russen avslutta feiringa av 13 år skulegang med stil.
Fredag 16. mai var russen samla i Sigurdsvika, i dag stilte dei sterkt i 17. maitoget.
– Det var utruleg fin stemning i går og eg er så glad for at alle stilte i toget, seier russepresident ved Os Gymnas, Ronja Skaathun til Midtsiden.
I dag runda ho av markeringa på Kyrkeflaten som siste talar, og takka venane sine for ei fin tid saman.
– Det var derfor eg takka ja til å bli president, det har vore ein fantastisk gjeng! Og eg er glad for at eg ikkje har lest ei einaste sak i lokalpressen om at russen ikkje har rydda etter seg, sa Ronja frå talarstolen.
No er det over, det blir ikkje russefest i dag.
– Det er litt trist, men ganske deilig òg. Vi har fått festet fra oss nå.