Rydda i Os - rota på Fanafjellet
Russetida er i gang: Sigurdsvika ser støvsugd ut, men då festen heldt fram på Fanafjellet blei det bråk.
Torsdag 26. april starta russetida i Os.
Les òg: No brakar det laus
Fleire russ reiste rett frå skulen til Sigurdsvika for å starta festen i 14-15-tida. Her heldt dei fram til rundt klokka 20, likevel ser det strøkent ut i vika ved Ulvenvatnet i dag.
Men Os-russen gav seg ikkje så lett, festen heldt fram saman med russ frå Fana på parkeringsplassen på Fanafjellet.
– Det var meldt om mykje bråk og en del slåsskampar, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Jan Steimler.
Politiet rykte ut rundt klokka 00.45. Etter det Midtsiden kjenner til var også russ frå Os innblanda i slåssinga.
– Ein person skal ha fått skuldra ut av ledd, men fekk behandling av ambulansepersonell på staden.
Politiet oppløyste festen og russen blei vist vekk.